Christian Mohn
Christian Mohn (20. april 1926–31. desember 2018) var ein norsk skihoppar, idrettsleiar og forretningsmann. Han var president i Norges Skiforbund og seinare leiar av interesseforeininga Hoppsportens Venner. I si tid som aktiv hoppar var han medlem av IL Heming.
Christian Mohn | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 20. april 1926 Oslo |
Død | 31. desember 2018 (92 år) |
Idrett | skihopping |
Mohn deltok i ski-VM både i 1950 og 1954. Han vart nummer 4 i Lake Placid i 1950 og nummer 20 i Falun i 1954. I Holmenkollrennet kom han på andreplass i 1952 og tredjeplass i 1954. Sjuandeplassen i 1952 var hans beste plassering under noko noregsmeisterskap.
Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn
endre- 1948: Nr 10 i Holmenkollen
- 1950: Nr 4 i VM i Lake Placid
- 1952: Nr 2 i Holmenkollen (mest berre norske deltakarar)
- 1953: Nr 9 i Holmenkollen
- 1954: Nr 3 i Holmenkollen
- 1955: Nr 13 i Holmenkollen
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap
endre- 1948: Nr 12 på Lillehammer
- 1952: Nr 7 i Porsgrunn
- 1955: Nr 9 på Voss
- 1956: Nr 9 i Drammen
- 1958: Nr 10 i Oslo
Kjelder
endre- (en) Christian Mohn – Profil og resultatoversikt hos FIS
- Arne Thoresen: Lengst gjennom lufta. Versal Forlag, Oslo 2007. ISBN 978-82-8188-030-6, s. 110