Christian Bertrand Engebretsen Rud (31. mars 18562. februar 1939) var ein norsk general og politikar, opphavleg frå Enebakk i Akershus.

Rud voks for ein stor del opp i Kristiania. Han var militær-offiser frå 1878 og tok eksamen ved den militære høgskulen i 1881. Sidan steig han i gradane innafor artilleriet, major frå 1902. I 1906 utnemnd til oberstløytnant og avdelingssjef i Generalstaben året etter. Frå 1910 oberst og regimentssjef i artilleriet. Til sist generalmajor og 1916-24 sjef for 6. divisjon og forsvaret av Nord-Noreg, stasjonert i Harstad.

Rud vart vald til stortingsmann 15. september 1919, då det vart halde omval til Stortinget, etter at det ordinære stortingsvalet i krinsen Trondenes var underkjent. Rud representerte Venstre og møtte på Stortinget sesjonane 1920 og 1921, medlem i Forsvarskomiteen. Han var med i fleire militære kommisjonar og var ein iherdig talsmann for framføring av jarnbane i Nord-Noreg.

Kjelder endre