Christina Ramsøy

norsk politikar

Christina Nilsson Ramsøy (fødd 4. november 1986 i Ogndal i Steinkjer kommune) er ein norsk politikar frå Senterpartiet. Ho har vore 1. vararepresentant til Stortinget frå Nord-Trøndelag fylke sidan 2009, og møtte fast for Lars Peder Brekk frå 1. oktober 2009.

Christina Ramsøy

Fødd4. november 1986 (37 år)
Ogndal kommune
Statsborgar avNoreg
PartiSenterpartiet
Yrkepolitikar, jurist
Utdanna vedUniversitetet i Oslo
VervLeiar i Senterungdommen 2007-2009
FøregangarErlend Fuglum
EtterfylgjarJohannes Rindal
Alle verv
  • stortingsrepresentant (fast møtande vararepresentant, 2009–2012)
  • vararepresentant til Stortinget (2009–2013) Sjå dette på Wikidata

Ramsøy var leiar i Steinkjer Senterungdom 2002–2004, og leiar i Nord-Trøndelag Senterungdom 2003–2007. I tillegg var ho medlem av sentralstyret til Senterungdommen 2006–2007, og leiar der 2007–2009. Ramsøy vart vald til leiar ved ei kampavstemming mot Tone Ravnås frå Rogaland.[1][2]

Ramsøy var medlem av Steinkjer kommunestyre 2007–2008 og medlem av Nord-Trøndelag fylkesting 2007–2009. Ho gjekk allmennfagleg linje ved Steinkjer VGS 2002–2005, studerte politisk økonomi ved NTNU 2005–2006, og studerte PR og kommunikasjon ved BI Trondheim 2006–2007.

Stortingskomitear endre

Referansar endre

  1. «Lederstrid blant Sp-ungdom». Senterpartiet. 1. november 2007. 
  2. «Nordtrønder blir leder for Senterungdommen». Adresseavisen. 4. november 2007. 

Bakgrunnsstoff endre