Christopher Christian Weidemann
Christopher Christian Weidemann (14. april 1779–27. august 1858) var ein norsk politikar og embetsmann.
Christopher Christian Weidemann | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 14. april 1779 |
Død |
27. august 1858 (79 år) |
Yrke | dommar, politikar |
Språk | norsk |
Christopher Weidemann var fødd på Mellom-Rustad på Toten som son av Lars Weidemann, og ein av brørne hans var Laurits Weidemann. Han var gift med Marie Magdalene Christiane Jacobine Lycke, fødd i Christianshavn i Danmark 3. august 1784 og død på Billerud 8. mars 1867.
Weidemann vart student i 1795, tok latinsk-juridisk eksamen, teoretisk prøve i 1800 og praktisk i 1802. I 1800 vart han kopist i Rentekammeret og etter kvart fullmektig same stad. Han vart seinare utnemnd til byfogd og politimeister i Christiania, men måtte søkja avskjed i 1814, etter å ha truga ein arrestant til å tilstå ved å slå han med eit tre.
Nokon ytterlegare klatring oppover karrierestigen i rettsvesenet vart no vanskeleg, men i 1817 vart Weidemann utnemnd til sorenskrivar i Toten, Vardal og Biri etter broren Lauritz Weidemann. Dette embetet hadde han til 1853; med andre ord ei 36 år lang karriere som sorenskrivar på Toten.
Han var stortingsrepresentant 1824-26. Weidemann var òg president i Odelstinget.
Weidemann må òg nemnast i samband med garden Billerud på Austre Toten, der han budde i 40 år. Det var Weidemann som gav hovedbygningen på Billerud det noverande utsjånaden dens ved å byggje på andreetasjen. Han fekk òg Peder Balke til å måle salen i 1833/34. På Billerud døydde Christopher Christian Weidemann i 1858.
Kjelder
endre- Midthaug, Leif: «Christopher Christian Weidemann». Biografi i Totens bygdebok II, s. 354-355, Oslo 1953.
- NSDs politikerarkiv[daud lenkje]
- Denne artikkelen bygger på «Christopher Christian Weidemann» frå Wikipedia på bokmål, den 19. februar 2010.
- Biografisk informasjon om Christopher Christian Weidemann NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv