Oslo politidistrikt

Oslo politidistrikt er det største politidistriktet i Noreg. Politidistriktet har ansvar for Asker kommune, Bærum kommune og Oslo kommune og tener såleis 928 156 innbyggjarar.[1] Per 2018 har politidistriktet sju politistasjonar som står for politioppgåver i nærmiljøet. Det har også spesialseksjonar for etterforsking av alvorleg kriminalitet. Oslo politidistrikt har fleire oppgåver av nasjonal karakter og utgjer eit eige budsjettkapittel i statsbudsjettet.

Oslo politidistrikt
Coat of arms of the Norwegian Police Service.svg
Selskapsformorganisasjonsledd Sjå dette på Wikidata
Org.nr.961 398 142
Skipa1744/1745
DotterselskapPolitiets helikoptertjeneste, Beredskapstroppen Sjå dette på Wikidata
HovudkontorPolitihuset i Oslo
Tilsette3 400[1]
Nettstadwww.politi.no
Politibil i Oslo i 2007.
Foto: J.P. Fagerback

OrganisasjonEndra

 
Sentrum politistasjon.
Foto: J.P. Fagerback

Som ledd i Politireforma av 2015 i Noreg blei Oslo politidistrikt slått saman med Asker og Bærum politidistrikt 1. januar 2016. Justisministeren avgjorde at det samanslåtte Oslo politidistrikt skulle vera organisert likt som ande politidistrikt i Noreg:[2]

Felles einingar:

  • Felles eining for operativ teneste
  • Felles kriminaleining
  • Felles eining for etterretning og etterforsking
  • Felles eining for førebygging
  • Felles eining for påtale
  • Felles eining for utlending og forvaltning
  • Felles eining for sivil rettspleie (namsfogd)
  • Felles eining for nasjonale bistandsressursar

Politidistriktet har tre geografiske einingar:

I tillegg har distriktet ein kommunikasjonsstab, ein HR- og HMS-stab, ein virksomhetsstyringsstab og ein internrevisjonsstab.

Havnepolitiet er ansvarleg for kriminalitet på øyene i Oslofjorden, innanfor Asker, Bærum og Oslo kommune, og fartøy på veg til distriktet.

Seksjonen for organisert kriminalitet etterforskar alvorlege narkotikasaker og ranssaker, Seksjon for Vold- og seksualforbrytelser tek for seg drapssaker og seksualbrotsverk, medan Finans- og miljøkrimseksjonen etterforskar alvorlege former for økonomisk kriminalitet. Seksjon Trafikk- og sjø består mellom anna av Trafikkorpset og Havnepolitiet og har spesialkompetanse på straffbare handlingar knytte til trafikk i hovudstaden på landjord og vatn. Leiinga for alle spesialseksjonane ligg i Politihuset i Grønlandsleiret 44 i Oslo.

Etterforskinga er formelt leia av politiadvokatar som høyrer til påtalestyresmakta.

HistorieEndra

 
Politifolk i Oslo i 1908.
Foto: Anders Beer Wilse
 
Den gamle politistasjonen i Møllergata 19.
Foto: Kjetil Ree

Frå 1866 til 1978 heldt Oslo politikammer til i Møllergata 19. I 1978 flytta hovudkvarteret til Politihuset i Grønlandsleiret 44. I 1998 skifta det namn frå Oslo politikammer til Oslo politidistrikt.

Nedlagde politipostarEndra

Under politimester Killengreen og Gjengedal blei det i perioden mellom 1995 til 2007 oppretta og lagt ned fleire politipostar i Oslo.[3]

  • Youngstorget politipost (1995-1996)
  • Hovseter politipost (1997-1998)
  • Romsås politipost (1996-2003)
  • Furuset politipost (1997-2004)
  • Holmlia politipost (1985[4]- årsskiftet 2017/2018)[4][5][6]
  • Oslo S politipost (1987-2007, 2009- allerede nedlagt i 2018)[4][3][7][8]

PolitimeisterarEndra

I 1744 blei Mathias Hansen Stub den første politimeisteren i Christiania.[9]

ChristianiaEndra

 
«Svartemarje» i 1952.
 
Politibil i Oslo ca. 1980. «Svartemarja»[10] er eit navn på denne modellen òg
Foto: Rolf Thoresen
 
Politibåt i Oslofjorden.

AkerEndra

OsloEndra

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 «Oslo politidistrikt: Om oss». Politiet.no. Henta 2. januar 2023. 
  2. «Arkivert kopi av Politisk beslutning om Oslo». Arkivert frå originalen 2016-08-26. Henta 24. august 2016.  Både |archive-date= og |arkivdato= er angitt. Berre oppgje ein av dei. (hjelp); Både |archive-url= og |arkivurl= er angitt. Berre oppgje ein av dei. (hjelp)
  3. 3,0 3,1 Engh, Christine. «Politipostene forsvinner». Aftenposten 8. mai 2007, Osloby. Web. 3. mars 2014.
  4. 4,0 4,1 4,2 https://www.politiforum.no/artikler/den-siste-utposten/432700 Vitja 2018-05-03
  5. Haugsvær, Nicoline. «Onkel blå på fritidsklubb». Aftenposten 21. desember 2013, Osloby. Web. 3. mars 2014.
  6. Haugen, Anette. «Nærkontakt med ungdom». Natteravnene Gatelangs #4 2012. Web. 3. mars 2014. (www.natteravnene.no)
  7. Sulland, Stig Kalsæg. Granbo, Kristin. «Politiposten på Oslo S gjenåpnes» NRK 1. juli 2008, Østlandssendingen. Web. 3. mars 2014.
  8. Regjeringen Stoltenberg II. «Politiposten på Oslo S åpnet». Regjeringen 10, juli 2009. Web. 3. mars 2014
  9. 9,0 9,1 Mathias Hansen Stub i Norsk Biografisk Leksikon
  10. https://snl.no/Svartemarja
  11. 11,0 11,1 Kristiania Politis Historie, 1624-1884 s. 59
  12. 12,0 12,1 12,2 12,3 12,4 12,5 For lov og rett, Oslo politikammer 250 år (Arne Bonde) s25
  13. Kristiania Politis Historie, 1624-1884 s. 87, 89.
  14. Kristiania Politis Historie, 1624-1884 s89
  15. For lov og rett, Oslo politikammer 250 år (Arne Bonde) s27-28
  16. For lov og rett, Oslo politikammer 250 år (Arne Bonde) s. 28.
  17. 17,0 17,1 17,2 17,3 17,4 I hht «politimestergalleri» på veggen i gangen i 7.de etasje i polithuset i Oslo
  18. SNL: Jørgen Gjerdrum
  19. Kristiania Politis Historie, 1624-1884 s163++
  20. SNL: Carl Fougstad
  21. 21,0 21,1 For lov og rett, Oslo politikammer 250 år (Arne Bonde) s31
  22. 22,0 22,1 I hht «politimestergalleri» på veggen i gangen i 7.de etasje i polithuset i Oslo. I «For lov og rett, Oslo politikammer 250 år» (Arne Bonde) er han på side 35 omtalt som etterfølgjaren til Michelet, som «kom i 1883», jfr s 36.
  23. Generalløytnant Peter Sofus Marius Elias Beichmann, arkivert frå originalen 2012-03-29, henta 24. mars 2015 
  24. For lov og rett, Oslo politikammer 250 år (Arne Bonde) s. 36.
  25. Johan Søhr i Norsk Biografisk Leksikon
  26. For lov og rett, Oslo politikammer 250 år (Arne Bonde) s. 37 flgr.
  27. Hvem er hvem 1973
  28. Rolf Solem, Store Norske Leksikon
  29. «Organisasjonskart med navn på ledere for: Oslo politidistrikt – overordnet nivå». juli 2017. Henta 3. mai 2018. 

BakgrunnsstoffEndra