Chrysococcyx
fugleslekt
Chrysococcyx er ei biologisk slekt av små glansfulle gaukeartar som er utbreidde i tropiske område av Afrika, Asia og i Oseania.
Chrysococcyx | |
Beryllgauk, Chrysococcyx maculatus, hofugl Foto: Somchai Kanchanasut
| |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Gaukefuglar Cuculiformes |
Familie: | Gaukefamilien Cuculidae |
Underfamilie: | Cuculinae |
Slekt: | Chrysococcyx F. Boie, 1826 |
Dette er små gaukar med iriserande fjørdrakter som i hovudsak er i slåande grønt, brunt eller i gullfarge. Utsjånaden er skildra av det vitskaplege namnet Chrysococcyx som er sett saman av dei greske orda 'chrysos', gull, og 'kokyx', gauk. Alle artane i slekta parasitterer reira av andre artar.
Artslista
endreChrysococcyx-gaukar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.7 frå september 2012[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler. [2]
Chrysococcyx
- Svartøyregauk, Chrysococcyx osculans
- Mulgagauk, Chrysococcyx basalis
- Bronsegauk, Chrysococcyx lucidus
- Rusthovudgauk, Chrysococcyx ruficollis
- Kragegauk, Chrysococcyx meyeri
- Pygmégauk, Chrysococcyx minutillus
- Beryllgauk, Chrysococcyx maculatus
- Ametystgauk, Chrysococcyx xanthorhynchus
- Gulstrupegauk, Chrysococcyx flavigularis
- Grøngauk, Chrysococcyx klaas
- Smaragdgauk, Chrysococcyx cupreus
- Diderikgauk, Chrysococcyx caprius
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Eigentliche Goldkuckucke» frå Wikipedia på tysk, den 6. oktober 2012.
Referansar
endre- ↑ Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C. L. Wood (september 2012), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.7 (Excel spreadsheet), Cornell Lab of Ornithology, henta 1. oktober 2012
- ↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)
Bakgrunnsstoff
endre Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Chrysococcyx