Chumbawamba er ei anarkistisk pop-gruppe frå Leeds i England som har eksistert sidan 1982. Gruppa er vidkjend for hiten «Tubthumping» som nådde 2. plass på listene i Storbritannia og Noreg og 6. plass i USA i 1997, hadde dei i 2010 gjeve ut 15 offisielle album, i tillegg til ei rekkje EP-ar, kassettar, konsertplater og samleplater. Dei har òg delteke på ei rekkje ulike prosjekt saman med andre artistar.

Chumbawamba

Aktiv1982–2012
Sjangerpønkrock, post-punk, folkrock, anarko-punk, dansemusikk
PlateselskapOne Little Indian, EMI, No Masters, Entertainment One Music
Verka somkomponist
Jude Abbott i 1985

Bakgrunn endre

Bandet starta som eit punk-band, og prioriterte dei første åra å spele på politiske arrangement til inntekt for saker som dyrevern, antirasisme og antikrig. Dei stilte òg ofte opp i okkuperte hus. Etter kvart utvikla bandet det som etter kvart skulle verte deira eigen stil, der dei trekte inn element av musikkstilar som pop, folkrock, dance og world music, samtidig som punk-elementet vart nedtona i musikken, utan at den politiske bodskapen forsvann. Etter å ha delteke på ei rekkje kassettar gav dei i 1986 ut plata Pictures of Starving Children Sell Records, eit spark til Bob Geldof og Band Aid, så sitt eige Agit-Prop Records. Saman med plata Never Mind the Ballots, som kom året etter vart denne nyutgitt på CD i 1990. Desse vart følgt opp av acapella-albumet English Rebel Songs 1381-1914, der bandet viste at det var i stand til òg å spele anna type musikk. Denne vart nyinnspelt i 1998 og nyutgjeven i 1993 med eit ekstra spor, under tittelen English Rebel Songs 1381-1984. Etter LPen Slap same år, og Shhh frå 1992, signerte bandet for plateselskapet One Little Indian Records.

Kjende endre

 
Jude Abbott, Neil Ferguson og Boff Whalley frå Chumbawamba i 2005

Anarchy frå 1994 gav bandet ein noko vidare tilhengjarskare. Denne vart følgd opp av Swinging with Raymond, eit album som vart kritisert av enkelte av bandet sine gamle tilhengjarar fordi bandet her framstod som mykje meir kommersielt enn tidlegare. Kort tid etter signerte bandet for EMI, noko som ytterlegare provoserte gamle tilhengjarar, ikkje minst på grunn av EMIs tidlegare nære forretningsmessige forhald til delar av våpenindustrien. Chumbawamba hadde likevel involvert i produksjonen av ei plate som heitte Fuck EMI i 1989. I kjølvatnet av signeringa gjekk banda Riot Clone, Anxiety Society), Oi Polloi, The Bus Station Loonies, The Chineapple Punx, Love, Chips, And Peace og Wat Tyler saman om plata Anti-Chumbawamba, med songar som «Chumbawanka», «We Wish You'd Give Up» og «New Labour - New Chumbawamba». Bandet forsvarte det med at profittmotivet var like sterkt hjå One Little Indian. Dessutan gjorde dette at medlemmane no kunne drive med musikk profesjonelt.

Opphaldet hjå EMI vart kort og helst turbulent. Dei gav ut Tubthumper, med hitsingelen «Tubthumping» i 1997, og WYSIWYG i 2000, før dei året etter forlèt selskapet. I løpet av denne tida gjorde dei fleire ting plateselskapet ikkje sette pris på. Det toppa seg då vokalist Danbert Nobacon tømte ei mugge vatn over visestatsminister John Prescott. Dei sørgde òg for at EMI og den kommersielle musikkpressa indirekte bidrog til å finansiere EZLN i Mexico.

Etter eventyret med EMI starta Chumbawamba sitt eige selskap MUTT. Her gav dei ut albuma Readymades og Un, samt filmmusikken til filmen The Revengers Tragedy før dei i 2005 annonserte at dei ville ta ein pause. Dette skulle likevel vise seg berre å gjelde delar av bandet; fleire av medlemmane har sidan turnert som ein akustisk kvartett, og òg gjeve ut LPen A Singsong and a Scrap. I 2010 har gruppa gjort comeback, og dei har nyleg sloppe ut albumet ABCDEFG.

Medlem endre

Chumbawamba har hatt ei rekkje medlem innom bandet i løpet av sin eksistens. Blant dei som har vore med lenge er:

Offisielle album endre

  • Pictures of Starving Children Sell Records (1986)
  • Never Mind the Ballots (1987)
  • English Rebel Songs 1381-1914/1984 (1988/2003)
  • Slap (1990)
  • Shhh (1992)
  • Anarchy (1994)
  • Showbusiness (live) (1995)
  • Swinging with Raymond (1996)
  • Tubthumper (1997)
  • WYSIWYG (2000)
  • Readymades (2002)
  • The Revengers Tragedy (2003)
  • Un (2004)
  • A Singsong and a Scrap (2005)
  • ABCDEFG (2010)

Bakgrunnsstoff endre