Cirkus Berny var eit norsk omreisande sirkus som var i gang frå 1929 til 1979, med eit avbrekk i okkupasjonsåra 1940–1945, og med tillegg av ein fånyttes freistnad i 1984-sesongen på å få sirkusverksemda på beina att. Sirkuset vart skipa av Rudolf Berny Barthel (fødd i 1881) med grunnlag i det Cirkus Britannia som han dreiv, og som han sjølv hadde skipa som nittenåring i 1920. Ætta hans på farssida hadde drive i tivoli- og sirkusbransjen i Noreg heilt frå 1832.

Akrobatikk på hesteryggen i det populære Cirkus Berny i 1961.
Foto: Lasse Klæboe, Billedbladet NÅ/Arkivverket
Utstilt sjimpanse i Cirkus Berny.
Foto: Ragge Strand, Billedbladet NÅ / Arkivverket

I og for seg var altså Cirkus Berny eit framhald av det Cirkus Britannia som Rudolf Berny Barthel hadde skipa i 1920, og det er ikkje kjend kvifor namnet vart endra til Cirkus Berny i 1929. Men endringa kan ha å gjere med at Rudolf Berny Barthel og den svensk-norske linedansarinna Elvira Hoffmann gifta seg med kvarandre i 1929, for deretter å drive det nye Cirkus Berny saman. Rudolf Berny Barthel hadde engasjert Elvira Hoffmann for sitt Cirkus Britannia, og fekk dottera Liv med ho i 1928; Liv vart i si tid Cirkus Bernys siste direktør. Elvira var 19 år yngre enn ektemannen sin. Ho var òg av gamal sirkus-ætt på farssida, og hadde vakse opp med eit sirkus. Faren hennar, Robert Hoffman, dreiv det etter kvart store og velkjende Cirkus Hoffmann i Sverige frå 1905 til 1922.

Cirkus Berny før andre verdskrigen endre

Under det nye namnet Berny, som var ei «fornorsking» av namnet på den vesle byen Bernay i Normandie i Frankrike og altså Rudolf Barthels eige mellomnamn, vart Cirkus Berny særs godt kjend i Noreg, og til tider så å seie oppfatta som eit synonym for ordet 'sirkus'. Sirkuset reiste land og strand ikring med både bil, båt og jarnbanetog; dei trong tretti jarnbanevogner når dei nytta tog. Men frå Noreg vart hærsett av tyskarane i 1940 stogga Elvira og Rudolf Berny Barthel drifta friviljug for ikkje å få noko med okkupasjonsmakta å gjere.

Tida etter andre verdskrigen endre

Rudolf døydde under krigen, den 7. februar 1944, men likevel sette Elvira i gang så snart krigen var over, og sirkuset var i full drift att i sesongen 1946. Ho hadde då fått med seg den vidgjetne og populære hestedressøren Arthur Reinsch frå Danmark, og hadde gått inn i eit samarbeid med den danske artisten Jon Lumio, som sjølv hadde tenkt å byrje med sitt eige sirkus, med namnet Rex, men kom til at eit samarbeid med Elvira om sirkus i Noreg var det beste i den vanskelege etterkrigstida. Med dette samarbeidet vart sirkuset dansk-norsk og fekk namnet Cirkus Berny & Rex. Den fyrste sesongen vart ein stor suksess for sirkuset, som hadde fått seg eit nytt firemastra sirkustelt og anna utstyr frå Danmark, og kunne skilte med mange kjende danske artistar som Lumio hadde engasjert med utgangspunkt i sitt vide kontaktnett.

Ivar Løken, som med tida skulle verte Liv Bernys ektemann, vart tilsett av Cirkus Berny som forretningsførar året etter; Liv Berny og Ivar Løken hadde vore kjærastar sidan 1946. Han var bondeson, oppvaksen på Asker prestegard i Asker, som faren var forpaktar for, og såg ikkje på sirkusverksemd som anna enn ei inntektskjelde. Med den kunnskapen han skaffa seg ved å arbeide for Cirkus Berny, meinte han å vere i stand til å skipe sitt eige sirkus, engasjere artistar og leggje opp ein turné kring i Noreg på eiga hand, i konkurranse med den tidlegare arbeidsgjevaren sin. I løynd fekk han med seg Lumio på å skipe det nye sirkuset, kjøpte eit sirkustelt, og kom i gang i 1948 med det nye sirkuset, som fekk namnet Cirkus Rex. Sjølvsagt var Elvira sterkt imot denne framferda, og då den fyrste sesongen for Ivar Løkens Cirkus Rex vart særs vellukka, oppstod det sterk, krass og bitter konkurranse mellom han og Elvira med sitt Cirkus Berny, som no hadde fått att sitt gamle namn.

Året etter, i 1949, kravde Liv Berny å få fylgje Cirkus Rex denne sesongen for å kunne vere saman med kjærasten sin på den litt særeigne sirkusturneen som det då var lagt opp til. Programmet var no ei blanding av sirkus og revy, trass i suksessen med fjorårets program; det er uklårt om det i namnet åt Cirkus Rex gjekk føre seg to parallelle turnear med kvart sitt program dette året, om programmet varierte, eller om to ensemble altererte. Liv vart nekta av mora si å bu i same husvogna som kjærasten på denne turneen, og fekk med seg ei Cirkus Berny-vogn. Men då dei to gifta seg 1950, slutta Ivar Løken heilt med sirkus og konsentrerte seg om ein daglegvareforretning han hadde skaffa seg i krysset mellom villavegane Nesåsen og Elvevegen på Nesbru i Asker. Ikkje lenge etter fekk han dessutan i gang ein fabrikk for stålrøyrsmøblar i eit grannehus til daglegvareforretninga, seinare flytt til Vakås i Asker.

Elvira Berny Barthel gifta seg med Arthus Reinsch, og saman dreiv dei Cirkus Berny som ei solid verksemd. Etter at Reinsch døydde i 1967, fekk Elvira med seg dottera Liv i drifta av Cirkus Berny, og etter at Elvira døydde i 1966, tok Liv og ektemannen Ivar over. Liv vart direktøren for sirkuset og stod høgreist og rakrygga fram i manesjen framfor sitt publikum, elegant kledd som den sirkusdronninga ho rettlege var, medan Ivar tok del i verksemda på ein langt meir anonym måte, meir i pakt med hans natur. Men med tida vart vilkåra for rekningssvarande drift hardare, oog endringar måtte til. I Elviras direktørtid reiste sirkuset for det meste med jarnbanetog, og i løpet av sesongen vart teltet slege opp og framsyningar gjeve på 50–60 stader, med to–tre dagar på kvar stad. Då Liv og Ivar tok over, hadde konkurransen med særleg Cirkus Arnardo om det sirkusinteresserte publikumet vorte så sterk at mykje måtte gjerast annleis. Transporten gjekk no berre føre seg med bil, ikkje med jarnbanetog, og talet på spelestader vart meir enn dobla, til mellom 120 og 140 i sesongen, og så mange som 70–80 av spelestadene vart vitja for berre ein einaste dag. Sesongen varte frå midten av april til midten av september, med Bodø som den nordlegaste staden det vart gjeve førestellingar.

Den siste tida for sirkuset endre

Ivar Løken døydde i 1980. Sirkusteltet og alt det andre utstyret var då pakka ned og lagra, ettersom drifta var avvikla i 1979. Liv og den eldste sonen Rune, som hadde vorte med i leiinga av sirkuset i 1979, freista fånyttes å blåse liv i det att i 1984 ved å satse på framsyningar som tok opp i seg element frå såkalla nysirkus og frå teater. Dei engasjerte og fekk spesialinstruert to skodespelarar som skulle spele klovnar, og hadde kjøpt attende somme gamle sirkusvogner, mellom dei den gamle og luksuriøse direktørvogna til Elvira, for på den måten å skape det dei i marknadsføringa kalla «Moderne sirkus med gammeldags miljø». Men sjølv om dei òg framheva at dette var ei jubileumsframsyning som markerte at Berny-ætta hadde 150 år attom seg i sirkusbransjen i Noreg, vart likevel ikkje sesongen slik dei hadde vona, og Cirkus Berny vart eit avslutta kapittel i den norske sirkussoga.

Sirkusets tilhaldsstad utanom sesongane endre

Elvira og Rudolf Berny Barthel valde seg Nesbru-Holmenområdet i Asker som si base for Cirkus Berny, og dette vart ikkje endra då Liv Berny og Ivar Løken tok over. I fleire tiår vart telt og vogner lagra vinterstid på løa på garden og gartneriet Ravnsborg og på Holmen Slipp. Hestar og ponniar stod på stall og vart trena i Neslia på Nesbru, og villaen deira låg rett i nærleiken, i ein avstand av berre nokre hundre meter langs den same villavegen. Dei meir eksotiske dyra i sirkuset, som indiske elefantar og kamelar, var i Italia og andre søreuropeiske land om vinteren.

Kjelder endre

  • Berthelsen, Herman, Sirkus i Norge : Gjøglernes og sirkusenes historie, side 146–255. Sandnes 2009: Commentum Forlag AS. ISBN 9788282330145
  • Bakken, Tor Christian (redaktør), Absolutt Nostalgi : De beste minnene fra Asker og Bærum, side 118–123. Budstikka Media 2012.