Clara Theodora Mørch (13. september 185125. august 1935) var ein norsk kunstmålar.

Clara Mørch
Fødenamn Clara Theodora Grimsgaard
Statsborgarskap Noreg
Fødd 13. september 1851
Christiania
Død

25. august 1935 (83 år)
Oslo

Yrke kunstmålar
Far Christian Grimsgaard
Ektefelle Edvard Mørch
Clara Mørch på Commons

Liv og virke endre

Bakgrunn, oppvekst og utdanning endre

Mørch var dotter av general Christian Semb Grimsgaard og Honorie Muldrup Schlytter.

Mørch tilbrakte oppveksten på fleire stader, avhengig av var faren, general Grimsgaard, arbeidde. Ho budde blant anna i Stockholm, der ho fekk si fyrste kunstundervising, i Fredrikshald og i Drammen. I Drammen tok ho sjølv imot målarelevar.[1]

Mørch fekk omkring 1865 kunstnarisk rettleiing av Morten Müller. I 1874–1875 var ho i ein periode på åtte månader elev av kunstnarane Paul Flandrin og Charles Chaplin i Paris. Frå 1875 var ho elev av Knud Bergslien i Christiania. Ho gjennomførte fleire reiser på Austlandet i 1870- og 1880-åra.

Mørch hadde si utdanning innanfor figurmåling og landskapsmåling, men utmerka seg fyrst og fremst som portrettmålar. Ho utførte i 1870- og 1880-årea ei rekke portrett på bestilling for ein kundekrins beståande av velståande familiar i Kristiania og i austlandsområdet. Portretta hennar ber eit gjennomarbeidt, realistisk preg, i likskap med arbeida til Bergslien.

Den 16. februar 1897 gifta Mørch seg i Treeiningskyrkja med sorenskrivar Edvard Johan Mørch.[2] Ekteskapet var barnlaust. Etter at ektemannen døydde flytta ho til Mogens Thorsens og Hustrus Stiftelse, som var eit butilbod for kvinner frå dei høgare samfunnslaga som ikkje hadde økonomiske middel til å forsørgje seg sjølve.[1]

Kunstnarisk virke endre

Mørch stilte ut i Kristiania Kunstforening fleire gongar, blant anna i 1879, 1883[3] og 1893.[4] Ho stilte dessutan ut bilete til utlodding i kunstforeiningane i Stavanger (1888 og 1893),[5][6] Drammen (1893) og Bergen (1895). På Haustutstillinga i 1887 og 1888 deltok ho med to landskapsmåleri. I 1900 blei måleriet hennar Aarhane lodda ut til inntekt for gjenreisinga av Akershus slott.[7]

Det er også oppgitt at Mørch heldt ei separatutstilling i Kristiania Kunstforening i 1915.

Portrettet hennar av faren, generalmajor Christian Semb Grimsgaard, blei utført i 1888, og heng i Oslo Militære Samfund.[8] I 1892 utførte ho eit måleri av kommandantbustaden på Fredriksten festning.[9] I 1896 blei måleriet hennar av eigedommen Fagerlid på Malmøya gitt i gåve til eigaren av eigedommen, tollkasseraren Wilken Hornemann Heiberg Aschehoug.[10] Ho utførte også eit portrett av ektemannen sin, sorenskrivar Mørch, og i ein notis i Aftenposten i høve med 70-årsdagen hennar blei det framheva at ho bidrog til å «gjøre sorenskrivergården Plogstad i Ullensaker til et selskapelig hjem med en vakker hage og en innholdsrik kunstsamling».[1]

Mørch gav også undervising i teikning og måling i Fredrikshald i 1880-åra. Blant elevane hennar var den seinare forfattaren Dikken Zwilgmeyer.

Galleri endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 70 aar. Aftenposten. 10. september 1921. «Hun fulgte sin Far, general Grimsgaard til Stockholm, hvor hun fik rig anledning til at dyrke sine kunstinteresser; senere fulgte hun ham til fæstningen Fredriksten og til Drammen, hvor hun havde en malerskole.» 
  2. Ministerialbok for Trefoldighet prestegjeld 1891-1900 (0301M22), Viede: 1897-02-16
  3. Kristiania Kunstforening. Dagbladet. 26. oktober 1893. s. 1. «Til Udlodningen er indkjøbt: (---) Clara Grimsgaard: "Fra Neumannsgaarden, Drammen"» 
  4. I Kunstforeningen er udstillet følgende nye Arbeider:. Morgenbladet. 30. april 1893. s. 2. «Clara Grimsgaard: "Kramsfugle"» 
  5. Utlodning i Stavanger Kunstforening. Morgenbladet. 29. desember 1888. s. 3. «No. 10 Clara Grimsgaard: "Vaar", Kr. 50, Kand. Andreassen» 
  6. Udlodningen i kunstforeningen i dag hadde saadant udfald:. Stavanger Aftenblad. 22. desember 1893. s. 1. «Clara Grimsgaard: "Morgensøtur og druer", værdi kr. 100, tilfaldt hans majestæt kongen» 
  7. Trækningsliste over Gevinster i Maleriudlodningen til Indtægt for Akershus Slots Gjenreisning. Dagbladet. 18. januar 1900. s. 3. «42. Fru Clara Mørch: "Aarhane"» 
  8. Oslo militære samfunds portrettgalleri. 1950. s. 124. 
  9. Norske minnesmerker. Halden: festningen og byen. Aschehoug. 1963. s. 451. 
  10. 50-Aars Jubilæum. Morgenbladet. 5. september 1896. s. 2. «Toldkasserer ved Christiania Toldsted, Wilken Hornemann Heiberg Aschehoug, kan idag feire sit 50-aarige Embedsjubilæum. (---) I Anledning af Dagen har Jubilanten modtaget en Hædersgave, bestaaende i et større Oliemaleri, udført af Malerinden Frk. Clara Grimsgaard, af Toldkassererens smukke Villa "Fagerlid" paa Malmøen.» 

Litteratur endre