Claudinei da Silva

Claudinei Quirino da Silva (fødd 19. november 1970) er ein brasiliansk tidlegare sprintar som utmerkte seg særleg på 200 meter. Han vann bronse på distansen i VM 1997 og sølv i VM 1999. Ved Sommar-OL 2000 fekk han OL-sølv med Brasils mannskap i 4 x 100 meter stafett.

Claudinei da Silva


Statsborgarskap Brasil
Fødd 19. november 1970 (53 år)
Lençóis Paulista
Idrett friidrett, bobsleigh
Tok del i

Vinter-OL 2006, Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996

Aktiv endre

Ved verdsmeisterskapen 1997 vart Silva tredjemann på 200 m, tre hundredels sekund bak Frankie Fredericks, men langt bak Ato Boldon. To år seinare vann Silva sølv på distansen i Sevilla-VM, 0,10 sekund etter Maurice Greene frå USA. Elles i meisterskapen tok han og Brasil bronsen i 4 x 100 m stafett. To veker etter VM-finalen sigra Silva på 200-meteren ved det avsluttande IAAF-stemnet i München på tida 19,89 sekund, hans livs beste løp på distansen. Under dei olympiske leikane i Sydney hausten 2000 sprang Silva det brasilianske stafettlaget inn til sølvplass og landsrekord på 37,90 sekund, USA vann på tida 37,61.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre