Claudio Gentile

italiensk fotballspelar

Claudio Gentile, (fødd 27. september 1953 i Tripoli i Libya) er ein italiensk tidlegare fotballspelar og seinare -trenar. Han var med på å vinne VM 1982 for Italia. Gentile spela 11 sesongar for Juventus, og var med på å vinne to europeiske turneringar, seks seriemeisterskap og to italienske cupmeisterskap.

Claudio Gentile
Personleg informasjon
Fullt namn Claudio Gentile
Fødselsdato 27. september 1953 (70 år)
Fødestad Tripoli i Kongedømet Libya
Posisjon Forsvarsspelar
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1971-1972 Arana 34 (4)
1972-1973 Varese 34 (1)
1973-1984 Juventus 283 (9)
1984-1987 Fiorentina 70 (0)
1987-1988 Piacenza 20 (0)
Totalt 441 (14)
Landslag
1971-1983 Italia 71 (1)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Spelekarriere endre

Klubbspel endre

Gentile debuterte i 1971 på nivå fire i italiensk fotball for klubben Arona. Etter ein sesong gjekk han vidare til Serie B-klubben Varese. Også i denne klubben spela han ein sesong, og fanga interessa til toppklubben Juventus. Frå sommaren 1973 til 1984 spela han for Torino-klubben. Han hadde fast plass i midtforsvaret frå sommaren 1974, så å seie heile tida saman med Gaetano Scirea. Gjennom ti sesongar var han med å vinne Serie A seks gongar, UEFA-cupen 1977 og Cupvinnarcupen 1984, samt to italienske cupmeisterskap.

Sommaren 1984 gjekk Gentile over til Fiorentina, der han spela nye tre år i Serie A, før han la opp i 1988 etter ein siste sesong i Serie B-klubben Piacenza.

Landslagsspel endre

Gentile aksla den italienske landslagstrøya fyrste gongen i 1975. Han var med i tre internasjonale turneringar på rad: VM i fotball 1978, EM i fotball 1980 og VM i fotball 1982. Italia vart nummer fire både i 1978 og på heimebane i 1980. Under VM 1982 i Spania gjekk Italia heilt til topps. I mellomrunden slo Italia ut både Braisl og Argentina. I dei to oppgjera fekk Gentile i oppgåve å passe på høvesvis argentinaren Diego Maradona og brasilianaren Zico, oppgåver som den hardtspelande Gentile lukkast med. I finalen vann Italia over Vest-Tyskland med 3-1.

I 1984 spela Gentile sin 71. og siste landskamp, ein einaste gong kom han på skåringslista for Italia.

Merittar endre

  • VM-gull 1982 for Italia
  • Vinnar av Cupvinnarcupen 1984 med Juventus
  • Vinnar av UEFA-cupen 1977 med Juventus
  • Italiensk seriemeister 1975, 1977, 1978, 1981, 1982 og 1984 med Juventus
  • Italiensk cupmeister 1979 og 1983 med Juventus

Trenar endre

Mellom 2000 og 2006 var Gentile trenar for Italias U21-landslag, som i 2004 vann europameisterskapen for ungdomslandslag. Han leia også Italias OL-lag som eit par månader seinare erobra bronsemedaljane under sommar-OL 2004 i Athen, mange av spelarane var med i begge turneringane.

Bakgrunnsstoff endre

Claudio GentileFIFA sin offisielle nettstad

Kjelder endre