Kragebein

(Omdirigert frå Clavicula)

Kragebeinet (latin: clavicula – «nøkkelbein») ein ein S-forma knokkel i det menneskelege skjelettet. Det går frå brystbeinshandtaket, manubrium sterni, og lateralt og noko oppover rett mot skulderhøgda, acromion. Kragebeinet er den ventrale knokkelen i skuldra, og saman med skulderbladet og brystbeinet så dannar det skulderbogen, cingulum extremitas superioris.

Skulderbogen med skulderbladet, kragebeinet og brystbeinet. Ribbeina er festa til brystbeinet, og festa til skulderbladet er òg overarmsbeinet.

Kragebeinet er det einaste av røyrknoklane som viser ei annan form for forbeining. Medan nesten alle røyrknoklane blir til bein frå ein bruskmodell som igjen vart danna av bindevevsmesenkym, såkalla endokondral forbeining, så blir kragebeinet delvis òg gjort om til bein beint fram utan å vere innom bruskstadiet, såkalla intramembranøs forbeining. Den laterale og mediale delen av knokkelen blir rett nok danna av endokondral forbeining, men den midtre delen blir danna via intramembranøs forbeining.[1]

Beinet ligg rett under huda, og derfor kan ein lett sjå det hos personar med lite underhudsfeitt. Namnet clavicula som på latin tyder «veslenøkkelen», kjem av at knokkelen roterer kring aksen sin når ein abduserer om lag som ein vanleg nøkkel.

Kjelder endre

  1. Doyle, James R.: Surgical Ananomy of the Hand and Upper Extremity, Lippincott Williams & Wilkins, 2003, s. 3, Nettversjon

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Kragebein