Clipperton er ein fransk atoll på 9 kvadratkilometer som ligg i Stillehavet, sørvest for kysten av Mexico. Tidlegare har øya vore i interessene til både USA, Frankrike, Mexico og til ein viss grad Storbritannia. På fransk heiter øya Île de Clipperton eller Île de la Passion, på spansk Isla de la Pasión. Øya har vore brukt til å hausta guano til gjødsling i jordbruk på 1800-talet og tidleg på 1900-talet. Guanoverksemda tok endeleg slutt i 1917, og det har ikkje vore fastbuande på øya sidan 1945. Clipperton blir no stundom vitja av sportsfiskarar og forskarar.

Clipperton
Lokalt namn Île de Clipperton
eller Île de la Passion
Clipperton
Clipperton
Geografi
Stad Nord-Amerika

Areal 9 km²

 (29 moh.)

Administrasjon
Land Frankrike
Demografi
Folketal 0 (2012)

Natur endre

 
Brunsule.

Ifylgje rapportar frå 1700- og 1800-talet fanst det knapt, eller slett ikkje noko planteliv på Clipperton på denne tida. Ein innførte kokosnøttpalmar i 1890-åra, og guanoarbeidarane på 1900-talet hadde med seg svin. Svina reduserte krabbebestanden på øya, noko som førte til at grasvekster kunne dekke heile øya. Svina hadde forsvunne heilt i 1958, og det finst no store mengder krabber på øya. Øya er no dekt av sand, og gras veks det berre på nokre små holmar i lagunen, som krabbene ikkje når. Over 600 palmer veks framleis på Clipperton.

På Clipperton finst det også øgler og ein del sjøfugl. Fuglesortane som hekkar på øya er m.a. maskesule, silketerne, sotterne, brunsule, svartnoddy, brunnoddy, storfregattfugl og sothøne.

Dei siste åra har det også kome rotter hit frå forliste skip. Ifylgje ein rapport frå National Oceanic and Atmospheric Administration i 2006, har rottene redusert bestanden av både fuglar og krabber. Rapporten tilrådde difor å utrydda alle rottene frå øya.

Historie endre

Øya fekk namnet Clipperton etter den engelske piraten John Clipperton (d. 1722), som ein trur oppheldt seg her i periodar. Franske oppdagarar gav øya namnet Île de la Passion i 1711, kartla øya og underla henne Frankrike. Ein fransk vitskapsmann, M. Bocage oppheldt seg på Clipperton i fleire månader i 1725.

 
Ramon Arnaud, guvernør på Clipperton frå 1906-1916.

Frankrike gjorde ikkje formelt krav på øya før i 1858, då Napoleon III annekterte Clipperton i den franske kolonien Tahiti. Mexico hadde då allereie gjort krav på øya i 1848-49 av di dei hadde interesse for guano, som kunne brukast som gjødsel i jordbruket. Sambandsstatane gjorde det same i 1856, og nokre amerikanske guanoarbeidarar planta til og med amerikansk flagg på øya. Då Frankrike protesterte mot dette, kom det svar frå den amerikanske regjeringa om at dei fordømte handlinga til guanoarbeidarane og ikkje ynskte å gjera krav på Clipperton.

I 1897 sendte Mexico ein militærstyrke til Clipperton som grunnla ein koloni på øya. Frå då av sette meksikanarane eigne guvernørar på kolonien. Frankrike gav ikkje etter for sitt eige krav over øya, og ufreden mellom dei to statane gav seg ikkje før i 1909, då statane skreiv under på ein meklingskontrakt i samarbeid med kong Viktor Emmanuel III av Italia. I kontrakten stod det at kongen av Italia skulle avgjera kven øya skulle tilhøyra, og at begge partar ville retta seg etter avgjerda frå kongen. Denne avgjerda vart ikkje teken før i 1931, då øya offisielt vart fransk.

Etter ordre frå presidenten i Mexico, Porfirio Díaz, vart eit fyrtårn reist på øya i 1906. Eit britisk guano-selskap etablerte seg med rundt 100 arbeidarar same året. Dei britiske arbeidarane fekk forsyningar annankvar månad med skip frå Acapulco 1280 km unna, men det var dyrt å oppretthalda denne forsyningsruta for arbeidarane. Difor la britane la ned guanoverksemda si og evakuerte arbeidarane.[1]

Dei etterlatne endre

 
Tirsa Rendon, Alicia Rovira Arnaud, Altagracia Quiroz, tenåringen Rosalía og sju born om bord på USS «Yorktown» i 1917. Desse 11 var dei einaste som overlevde tragedien på Clipperton.

Etter at britane reiste, var det att om lag 10 meksikanske soldatar på øya saman med familiane sine. Men då kampane tiltok i den meksikanske revolusjonen, slutta forsyningsskipa å koma, og øybuarane vart overlatne til seg sjølve.[2] På slutten av 1915 la eit USA-amerikansk krigsskip, «Lexington» til utanfor Clipperton. Skipet kom for å evakuera ein tyskar som hadde mista forstanden og hadde samtidig med seg forsyningar til øyfolket. Mannskapet på «Lexington» fortalde guvernøren på Clipperton, Ramón Arnaud, at situasjonen i Mexico hadde tilspissa seg. Dei råda han difor til å evakuera alle øybuarane, men guvernøren meinte på si side at ei evakuering ikkje var naudsynt, ettersom han meinte det snart ville koma nye forsyningar.[3] «Lexington» segla då bort frå Clipperton.

Etter ei stund braut det ut skjørbuk på øya av mangel på vitamin C. Skjørbuken tok fleire liv, og det minka sterkt på både mat og drikke. I 1916 var situasjonen så desperat at då Ramón Arnaud fekk auga på eit skip til havs, sette han seg i ein kano med tre andre soldatar og rodde etter skipet for å få hjelp. Då dei måtte gje opp å nå skipet, ville dei venda attende til Clipperton. Diverre sokk kanoen før dei kom fram, og alle fire miste livet.[4]

I 1917 var alle dei vaksne mennene på øya døde, bortsett frå fyrvaktaren Victoriano Álvarez.[5] Álvarez erklærte seg sjølv «konge på øya», og tok til å mishandla og valdta kvinnene der. Mishandlingane tok ikkje slutt før éi av kvinnene slo Álvarez i hel. Den 18. juli 1917 vart øybuarane redda av det USA-amerikanske marineskipet «USS Yorktown». Det var fire kvinner og sju born som overlevde.[2][6] Det er vorte skrive fleire skjønnlitterære bøker om denne tragedien, meir eller mindre tru mot historia.

Etter 1917 endre

 
Eit amerikansk krigsskip ligg stranda på Clipperton desember 1944.

I 1944-1945 var Clipperton okkupert av den USA-amerikanske marinen. Bortsett frå det har ingen gjort forsøk på å busetja seg her etter hendingane i 1917.

Ni tunfiskarar greidde å redda seg i land på Clipperton etter at båten deira, «M/V Monarch», sokk i februar 1962. Dei ni skipbrotne overlevde på Clipperton i 23 dagar og levde hovudsakleg på kokosneter og matrestar frå båten. Til slutt vart dei oppdaga av ein annan fiskebåt, og vart redda ut av destroyeren «USS Robinson» den 1. mars.

Kjelder endre

  1. Historia til Clipperton på Elainejobin.com (engelsk), arkivert frå originalen 1. august 2012, henta 10. juni 2012 
  2. 2,0 2,1 «About Clipperton Island». ClippertonProject.com. The Clipperton Project. 2014. Arkivert frå originalen 17. januar 2014. Henta 11. januar 2018. 
  3. Bennett, Raine (10 Jan 1954). «The Madonna of Passion Isle». The American Weekly (New York, New York). s. 12–13. Arkivert frå originalen 28 April 2023. Henta 4. april 2023 – via Newspapers.com. 
  4. Restrepo, Laura (2014). La Isla de la Pasión. Alfaguara. ISBN 978-84-204-1831-5. OCLC 898062834. Arkivert frå originalen 10 April 2023. Henta 1. april 2023. 
  5. «Trip report and photos: Clipperton Island – April 10–25, 2010». ElaineJobin.com. Elaine Jobin. Arkivert frå originalen 1. august 2012. Henta 17 June 2012. 
  6. «Navy Talk: The New Yorktown and Her Predecessors». Great Lakes Bulletin 12 (45) (Great Lakes, Illinois). 4 December 1937. s. 3. Henta 30. mars 2023 – via Newspapers.com.