Silketerne

fugleart
Silketerne
Silketerne
Silketerne
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av silketerne
Utbreiinga av silketerne
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Underorden: Lari
Familie: Måsefamilien Laridae
Underfamilie: Gyginae
Slekt: Gygis
Art: Silketerne G. alba
Vitskapleg namn
Gygis alba

Silketerne (Gygis alba) er ei lita terne i måsefamilien, òg rekna som ein noddy. Ho lever på tropiske og subtropiske hav og hekkar på øyar i Stillehavet, Atlanterhavet og Indiahavet.

Skildring endre

Denne terna har kroppslengd på 25 til 30 centimeter og veg rundt 120 gram. Fjørdrakta er heilt kvit. Augeringen og det relativt lange nebbet er kontrastrikt svart. Halen er kort og lite kløfta. Dei flyg med djupe, langsame vengeslag.

Silketerna har eit mykje pelagisk levevis i Oseania, frå Hawaii til New Zealand; øyar i Indonesia og øyane i Indiahavet. Dessutan finst ho ved øyar som Fernando de Noronha-arkipelet, Trindade og Martim Vaz, Ascension og St. Helena i Atlanterhavet.[1]

 
Silketerne-egg

Føda er først og fremst småfisk som ho fangar med stupdukking. Av og til tar dei noko blekksprut og krepsdyr, og jamvel marine insekt.

Ho hekkar på koralløyar oftast med vegetasjon. Dei eine egget blir helst lagt på nakne, tynne greiner i ein liten gaffel i tre eller i buskar med smågreiner, alternativt på palmeblad, bananblad eller berghyller, eller på menneskeskapte strukturar. Denne åtferda er uvanleg for terner, som vanlegvis hekkar på bakken, og til og med den nærskylde trehekkande svartnoddy konstruerer eit reir. Egg og ungar er sårbare for å bli blåst ned av kraftig vind. Dei nyklekka ungane har godt utvikla føter for å feste seg på hekkeplassen. Silketerna har lang livslengd, opp til 36 år er registrert.[1]

Den globale populasjonen er estimert til å vere meir enn 100 000 par, og er trudd å vere stabil. Arten er klassifisert som globalt livskraftig.[1]

Kjelder endre

Referansar
  1. 1,0 1,1 1,2 Gochfeld, M., Burger, J., Christie, D.A. & Kirwan, G.M. (2016) White Tern (Gygis alba) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 12. oktober 2016

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Silketerne