Coconut Grove, òg kjent som The Grove, er eit velståande nabolag i Miami i Miami-Dade County i Florida. Det er det eldste kontinuerleg busette nabolaget i byen. Staden er grovt omgrensa av North Prospect Drive i sør, LeJeune Road i vest, South Dixie Highway (US 1) og Rickenbacker Causeway i nord, med Biscaynebukta i aust.[1] Coconut Grove ligg sør for nabolaga Brickell og The Roads og aust for Coral Gables. Namnet på området er også blitt stava «Cocoanut Grove», men den definitive stavemåten «Coconut Grove» blei slått fast då byen blei skipa i 1919.[2]

Coconut Grove
bydel
Land  USA
Areal 5,607 km²
Folketal 20 076 (2010)
Kart
Coconut Grove
25°43′00″N 80°15′00″W / 25.716666666667°N 80.25°W / 25.716666666667; -80.25
Wikimedia Commons: Coconut Grove, Florida

Det som i dag blir kalla Coconut Grove blei danna i 1925 då byen Miami annekterte to område med omtrent same storleik, byen Coconut Grove og mesteparten av byen Silver Bluff. Coconut Grove tilsvarar omtrent området med postnummeret 33133, sjølv om postkoden også inkluderer delar av Coral Way og Coral Gables[3] og ein liten del av postnummeret 33129.[4] Området blir ofte referert til som The Grove, og lokalbefolkninga er stolt av at Coconut Grove er eit av dei grønste områda i Miami.[5][6]

Coconut Grove har to stasjonar på Miami Metrorail, Coconut Grove og Douglas Road.

Historie endre

 
Utsyn mot Coconut Grove, sett frå den lokale Metrorail-stasjonen.

Busetnaden blei grunnlagd gjennom fleire tilflyttarbølgjer. Den fyrste bar i 1825, då Cape Florida fyr blei verksamt, med John Dubose som fyrbøtar.[7] Dei fyrste tilflyttarane kom hovudsakleg frå Nordast-USA, i tillegg til britiske og bahamiske innvandrar.[8] Dei inkluderte sjømenn, naturvitar og kunstnarar.[9] Mange svarte innvandrar frå Bahamas blei rekrutterte for å byggja dei historiske landemerkai og rundt Coconut Grove.[10] Ein meinte dei var dei einaste som kunne klara seg i den ekstreme varmen og fukta, og mot den store myggplaga.[11]

Dr. Horace P. Porter skal ha gjeve namn til staden. I 1873 leigde eit hus frå enkja til Edmond D. Beasley, som hadde ein kysteigedom på 160 hektar.[12] Porter budde der i berre eitt år, men i løpet av denne tida grunnla han eit postkontor som han kalla «Coconut Grove».[13][14]

Det fyrste hotellet på fastlandet i sørlege Florida var i Coconut Grove.[15] Det blei kalla Bay View Inn (seinare Peacock Inn), og blei bygd i 1882 på staden der Pacock Park ligg i dag av dei engelske innvandrane Isabella og Charles Peacock, som hadde vore eigarar av ein slaktarbutikk i London.[16] På 1880-talet slo fleire svarte arbeidarar frå Bahamas som arbeidde på Peacock Inn seg ned i området.[17] Barnacle Historic State Park er det eldste huset i Miami-Dade County som framleis står på den opphavlege plassering.[18] Det blei bygd i 1891, og var heimen til yachtdesignaren Ralph Middleton Munroe, òg kjent som «The Commodore» for å ha vore grunnleggjaren og den fyrste leiaren av Biscayne Bay Yacht Club.[19]

Den sjølvstendige byen Coconut Grove blei annektert av Miami i 1925.[20] På 1960-talet var Coconut Grove senter for den ungdomskulturelle motrørsla i Sør-Florida, og husa fleire love-ins og konserter (mellom anna ein berykta Doors-konsert på Dinner Key Auditorium) i den andre delen av tiåret.[21][22][23] Det bahamanske samfunnet heldt fram med å veksa i Coconut Grove på 1970-talet.[24]

Bygginga av tre store boligkompleks på slutten av 1970-talet og byrjinga av 1980-talet dreiv ei stor utvikling i den kommersielle utviklinga i Coconut Grove: Yacht Harbour Condominiums i 1975; Grove Isle, eit bustad-, klubb- og hotellkompleks i 1979; og L'Hermitage i 1980.[25] Dette blei følgd av opninga av 2575 S. Bayshore Drive i 1982 og Grove Towers i 1983.[26]

Kultur endre

 
Coconut Grove sentrum i 2019.

Coconut Grove har ei rekkje utendørs festivalar og arrangement, den største er den årlege Coconut Groove Arts Festival.[27][28] Andre inkluderer King Mango Strut, som byrja som parodi på Orange Bowl-paraden, og som blir halden kvart år den siste søndagen i desember. The Great Taste of the Grove Food & Wine Festival blir halden kvar april. Goombay Festival er ei junkanoo-feiring som blir halden i Grand Avenue kvar juni. Detter er ei karibisk karnevalsfeiring som feirar bahamansk kultur, med bahamansk mat og karibisk musikk.

 
The Kampong, ein botanisk hage i Grove.
 
Frå handlegata CocoWalk

Kjelder endre

  1. City of Miami official map Arkivert April 16, 2009, ved Wayback Machine.
  2. Blackman, E. V. Miami and Dade County, Florida. Washington, D.C.: Victor Rainbolt, 1921.
  3. USNaviguide.com
  4. «Demographics of Coconut Grove, Miami, Florida.». city-data. Henta 30. august 2009. 
  5. https://www.academia.edu/26538827/Coconut_Grove_West_Grove_tree_canopy_variations_over_time Miami’s Coconut Grove – tree canopy variation over time, May 2016, Accessed 1 October 2016
  6. http://milliontrees.miamidade.gov/library/miami-dade_utc-assessment_final-lr.pdf Miami-Dade Urban Tree Canopy Assessment 2016
  7. «A Brief History Of Miamis Coconut Grove» (på engelsk). Henta 23. april 2024. 
  8. «A Brief History Of Miamis Coconut Grove» (på engelsk). Henta 23. april 2024. 
  9. «A Brief History Of Miamis Coconut Grove» (på engelsk). Henta 23. april 2024. 
  10. «The Bahamian Work Force» (på engelsk). Henta 23. april 2024. 
  11. Mohl, Raymond A. (1987). «Black Immigrants: Bahamians in Early Twentieth-Century Miami». The Florida Historical Quarterly 65 (3): 271–297. ISSN 0015-4113. 
  12. «Post Office Granted for Cocoanut Grove in 1873» (på engelsk). Henta 23. april 2024. 
  13. «City of Miami – Neighborhood Enhancement Teams». Arkivert frå originalen January 5, 2016. Henta 14. oktober 2011. 
  14. Planning Your Vacation in Florida, Miami and Dade County [WPA Guide to Miami], Northport, New York: Bacon, Percy & Daggett, 1941, page 49.
  15. «Ingraham Expedition: Peacock Hotel in Coconut Grove». Henta 23. april 2024. 
  16. «Coconut Grove | Community Guide | Carole Smith Team» (på engelsk). Henta 23. april 2024. 
  17. Joanne Hyppolite. Black Crossroads. South Florida History, the magazine of the Historical Museum of Southern Florida. Volume 37, No 1, 2009, p. 13
  18. «History of the Barnacle | Florida State Parks» (på engelsk). Henta 23. april 2024. 
  19. «Ingraham Expedition: Ralph M. Munroe». Henta 23. april 2024. 
  20. Livingston, Grant (2000). «The Annexation of the City of Coconut Grove» (PDF). Tequesta (Miami, Florida: Historical Association of Southern Florida) LX: 32–55. ISSN 0363-3705. Arkivert frå originalen (PDF) July 19, 2011. Henta 11. desember 2008. 
  21. Bjebre, Bill; Kenneth Harrell (September 8, 1969). «Grove "Love-In" Swings Under Eyes of Police». The Miami News. Henta March 26, 2011. 
  22. Art Grace (March 11, 1969). «In Defense of a Generation: 'Hippies are Beautiful'». The Miami News. Henta April 29, 2011. 
  23. Woodman, Jim (July 23, 1972). «Coconut Grove: Hip Little Village Under the Palms». Chicago Tribune. Henta March 26, 2011. 
  24. Birmingham, Jim. «Echoes of the Summer of Love can still be heard 50 years later in Coconut Grove» (på engelsk). Henta 21. april 2019. 
  25. «The resurgence of Coconut Grove». 
  26. Baum, Laurie (August 27, 1984). «The New Face of Coconut Grove». Miami Herald, The. s. 1BM Record: 8403030190. 
  27. Altman, Ruth K. (1990). «Arts festival started as 'left bank affair'» (PDF). South Florida History Magazine (1). s. 14–7. Arkivert frå originalen (PDF) November 16, 2016. Henta November 16, 2017 – via HistoryMiami. 
  28. «website of Coconut Grove Arts Festival». Henta September 25, 2012. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Coconut Grove