Opna hovudmenyen
Ackee and saltfish frå Jamaica.

Karibisk mat er danna gjennom påverknad frå ulike mattradisjonar frå Afrika, Asia, Europa og ulike amerikanske samfunn,[1][2] og frå tilgangen på ei rekkje tropiske vekstar og sjømat i regionen.[1]

Nokre døme på vanlege råvarer frå plantar er ackee, chayote, culantro, kokebanan, kokosnøtt, okra, ris og ulike belgfrukter, med kjøt som høns, svin, storfe, fisk eller annan sjømat. Nokre vanlege retter er saltfish/bacalao, callaloo, ceviche, paella, curry, roti og jerk.[1]

Franske karibiske retter: Drinken ti-punch med lime, fritetre accras de morue og pølsene boudin créole.

Kvart område har sine særskilde tradisjonar som reflekterer kolonihistoria deira og dei ulike folkegruppene som har busett seg der. Ei rom-kake inspirert av engelsk Christmas pudding finst til dømes som black cake på Trinidad og Tobago og Bizcocho de Ron på spansktalande Puerto Rico. Ulike variantar av rispudding er kjend som arroz con dulce i spansktalande område, som rice pudding på Jamaica og som sweet rice på Trinidad og i Guyana. Maispannekaka kalla johnnycake på Jamaica er kjend som yaniqueques eller yanikeke i Den dominikanske republikken.

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 «All about Caribbean cuisine». Bahamabreeze.com. Arkivert frå originalen 2011-09-28. Henta 11. juli 2019. 
  2. «Møt Karibiens kulinariske hovedstad», ParadisguidenO (på bokmål), 16. juni 2017, henta 11. juli 2019 
  Denne matartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.