Col de la Bonette
Col de la Bonette er eit 2 715 m høgt fjellpass i dei franske maritime Alpane nær grensa til Italia.
Col de la Bonette | |||
---|---|---|---|
Passovergangen med sløyfa rundt Cime de la Bonette | |||
Nord | Søraust | ||
Passhøgd | 2 715 m | ||
Departement | Alpes-de-Haute-Provence, Frankrike | Alpes-Maritimes, Frankrike | |
Vasskilje | Ubaye | Tinée | |
Stader | Jausiers | Saint-Étienne | |
Samband | Passveg | ||
Bygd | 1960–1961 | ||
Vinterstengt | 1. oktober - 15. juni | ||
Fjellområde | Dei maritime Alpane | ||
Profil | |||
Stigning (snitt) | 6,8 % (1 502 m / 22 km) | 6,5 % (1 565 m / 24 km) | |
Stigning (maks) | 9,0 % (ved km 14) | 15,0 % (ved km 12) | |
Kart | |||
| |||
Koordinatar | 44° 19′ 36″ N, 6° 48′ 26″ AKoordinatar: 44° 19′ 36″ N, 6° 48′ 26″ A |
Passhøgda dannar grensa mellom departementa Alpes-de-Haute-Provence og Alpes-Maritimes. Den smale, men gjennomgåande asfalterte vegen SG 3, knyter saman Ubaye-dalen ved Jausiers (1 240 m) med Tinée-dalen ved Saint-Étienne-de-Tinée (1 144 m). Passet blir danna av toppane Cime de la Bonette (2 860 moh) og Cime des Trois Serrières (2 753 moh).
Historie
endreFrå 1890 og framover blei fleire militæranlegg bygd opp, to av dei ligg rett ved vegen. Bunkersanlegg i samband med Maginotlinja vart sett opp i åra 1931–1940.[1] Dagens veg – bygd i 1960–1961 – er i vår tid lite viktig trafikalt.
Tour de France
endrePasset har stått på Tour de France-programmet i 1962, 1964, 1993 og 2008.
År | Etappe | Kategori | Start | Mål | Leiar over høgda |
---|---|---|---|---|---|
2008 | 16 | HC | Cuneo | Jausiers | John-Lee Augustyn |
1993 | 11 | HC | Serre-Chevalier | Isola 2000 | Robert Millar |
1964 | 9 | 1 | Briançon | Monaco | Federico Bahamontes |
1962 | 18 | 1 | Antibes-Juan-les-Pins | Briançon | Federico Bahamontes |
Galleri
endre-
Passhøgda sett frå Cime de la Bonette.
-
Casernes de Restefond
-
Camp des Fourches
Referansar
endre- ↑ Infotavler ved Casernes de Restefond
Bakgrunnsstoff
endre- Høgdeprofil nordsida Arkivert 2016-03-04 ved Wayback Machine.
- Høgdeprofil sørsida Arkivert 2016-02-23 ved Wayback Machine.