Opna hovudmenyen
Cold, Cold Heart
av Hank Williams
A-side «Dear John»
Utgjeve 1951
Innspelt 1951
Sjanger Country, honkytonk
Lengd 2:46
Låtskrivar(ar) Hank Williams
Hank Williams-kronologi
«Howlin' at the Moon» Cold, Cold Heart «(I Heard That) Lonesome Whistle»


«Cold, Cold Heart» er ein countrysong skriven av Hank Williams. Denne bluesballaden er bådee in klassikar innan honkytonk og i heile Great American Songbook.

Williams spelte først inn songen og gav han ut i 1951, opphavleg som B-sida til singelen «Dear John». «Dear John» nådde åttandeplassen på countrylista i USA, medan «Cold, Cold Heart» vart den songen som vart føretrekt på radio og på jukeboksane. Dette fekk songen opp på toppen av countrylista i USA.

Same året vart songen spelt inn i ein popversjon av Tony Bennett[1] med eit lett orkesterarrangement av Percy Faith. Denne innspelinga vart gjeven ut av Columbia Records. Denne nådde Billboard-lista den 20. juli 1951 og låg inne på lista i 27 veker med førsteplassen som den høgaste plasseringa.[2]

Versjonen til Bennett var med å eksponere både Williams og countrymusikken for eit breiare publikum i USA. Allmusic og Bill Janovitz skreiv om den usannsynlege kombinasjonen:

«At ein ung italiensk songkelner frå Queens skulle finne noko til felles med ein countrysongar frå landsbygda i Alabama syner både kor god Williams var som låtskrivar og kor bra øyre Bennett hadde for andre sine songar».

A memory from your lonesome past keeps us so far apart
Why can't I free your doubtful mind and melt your cold, cold heart?

Hank Williams (1951)

Williams skal ha ringt til Bennett og sagt «Tony, kvifor øydela du songen min?» Men det skal ha vore ein spøk, Williams likte godt Bennett sin versjon[1] og spelte han på jukeboksar der han kunne finne han. I sjølvbiografien sin The Good Life, fortalte Bennett om då han spelte «Cold, Cold Heart» på Grand Ole Opry seinare i 1950-åra. Han hadde med seg det vanlege arrangementet sitt som han venta husbandet skulle spele, men instrumenteringa deira var så forskjellig at dei ikkje godtok arrangementet. «Syng du og så følgjer me deg», sa dei, og Bennett sa dei gjorde det særs vakkert. Bennett fortel ofte om telefonsamtalen med Williams på scenen før han framfører songen.

«Cold, Cold Heart» har sidan blitt spelt inn av mange andre artistar, som Louis Armstrong (17. september 1951[3]), Donald Peers (5. oktober 1951), Petula Clark, Gene Autry (i filmen Apache Country i 1952), Johnny Cash, Nat King Cole, Aretha Franklin (1964), Bill Haley & His Comets, Rosemary Clooney, Dinah Washington, Norah Jones, Lucinda Williams, Ronnie Hawkins, Raul Malo, George Jones, Roy Orbison, David Allan Coe, Guy Mitchell, Teresa Brewer, Jerry Lee Lewis, Cowboy Junkies, Frankie Laine, Nick Curran og Jo Stafford.

Freddy Fender hadde ein spanskspråkleg hit av songen kalla «Tu Frio Corazon».

ListerEndra

Liste (1951) Plassering
U.S. Billboard Hot Country Singles 1

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 Gilliland, John (1969). «Show 9 - Tennessee Firebird: American country music before and after Elvis. [Part 1]» (audio). Pop Chronicles. Digital.library.unt.edu. 
  2. Whitburn, Joel (1973). Top Pop Records 1940-1955. Record Research. 
  3. Decca Records in the 27500 to 27999 series

BakgrunnsstoffEndra