Colin Walker
Colin Walker (fødd 8. juli 1949) er ein engelsk cellist.
Colin Walker | |||
Fødd | 8. juli 1949 (75 år) | ||
---|---|---|---|
Opphav | Minchinhampton i England | ||
Sjanger | Rock Klassisk musikk | ||
Instrument | Cello | ||
Tilknytte artistar | Electric Light Orchestra | ||
Plateselskap | Harvest Records | ||
Verka som | Musikar |
Walker vart fødd i Minchinhampton i Gloucestershire og vart utdanna ved Royal Academy of Music i London. I følgje han sjølv var den største mistaket i livet hans å ikkje takke ja til å spele på The Beatles sin «Eleanor Rigby» (Haines, Guttenbacher og Petersdorff 2000). Han vart med i Electric Light Orchestra i 1972 på cello etter forslag frå fiolinisten Wilfred Gibson og debuterte med ELO på Reading Festival i 1972. Walker spelte cello på ELO 2, singelen «Showdown», som var John Lennon vart omtalt som ein av favorittsongane hans, og halve On the Third Day, men slutta i bandet i 1973 for å gifte seg.
Etter han slutta i ELO gjekk han attende til jobben som musikklærar og spelte cello på songen «Fool's Gold», på albumet Thought Talk av Starry Eyed and Laughing.
Han spelar i dag cello i Royal Opera House i Covent Garden i London.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Colin Walker (cellist)» frå Wikipedia på engelsk, den 12. februar 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Haines, Marc, Patrik Guttenbacher, and Alexander von Petersdorff. 2000. «Colin Walker, Cello". www.facethemusic.de, Fanclub für Electric Light Orchestra und alle verwandten Musik-Gruppen und Künstler.