ELO 2
Studioalbum av Electric Light Orchestra
Språk engelsk
Utgjeve Januar 1973
Innspelt Mai-oktober 1972 i Air Studios i London
Sjanger Symfonisk rock, progressiv rock, kunstrock
Lengd 41:48
Selskap Harvest (UK)
United Artists (US)
Produsent Jeff Lynne
Electric Light Orchestra-kronologi 
The Electric Light Orchestra
(1971)
ELO 2 On the Third Day
(1973)
Singlar frå ELO 2
  1. «Roll Over Beethoven»
    Utgjeve: januar 1973 (1973-01)

ELO 2 er det andre albumet til Electric Light Orchestra (ELO), gjeve ut i 1973. I USA vart albumet gjeve ut som Electric Light Orchestra II og vert stundom kalla ELO II. Det var det siste albumet bandet gav ut på Harvest Label.

Bakgrunn og innspeling endre

Albumet skulle opphavleg heite The Lost Planet, men det konseptet vart roleg droppa. Det var under starten av innspelinga for dette albumet at Roy Wood slutta i bandet og starta Wizzard tidleg i 1972.[1] Sjølv om han ikkje var nemnd på plateomslaget spelte Wood cello og bass på «In Old England Town» og «From the Sun to the World».[1] Dei klassiske cellistane Colin Walker og Mike Edwards erstatta Wood, og Wilfred Gibson spelte fiolin. Richard Tandy spelte klaverinstrument for første gongen med ELO i studio, men hadde spelt på konsertar med bandet tidlegare. Bassisten og vokalisten Mike de Albuquerque spelte òg for første gongen med ELO i studio. Dei fem songane på albumet er lengre enn vanlege rockesongar, med lag på lag med orkesterinstrument, som skapar eit tett, komplekst lydbilete.

Utgjeving endre

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic     [2]
Classic Rock     [3]
Robert ChristgauC+[4]

I lag med føregjengaren er albumet det minst kommersielle albumet til ELO, men nådde likevel topp 40 på den britiske albumlista, sjølv om den meir konsise oppfølgjaren, On the Third Day, ikkje klarte dette. Ei forkorta utgåve av «Roll Over Beethoven» vart ein hit i Storbritannia, og vart òg spelt på radio i Amerika. I 2006 vart albumet mastra på ny og gjeve ut på ny i USA med bonusspor. Plateomslaget på albumet var laga av Hipgnosis.

Det britiske og amerikanske omslaget var forskjellig. Det same var tittelen. I Storbritannia vart albumet kalla ELO 2 med eit måleri av ei lyspære som fer gjennom verdsrommet, og med orda ELO2 på sokkelen, medan det amerikanske omslaget hadde ei meir utførleg lyspære mot ein natthimmel og vart kalla Electric Light Orchestra II. Av ukjende årsaker var «Roll Over Beethoven» noko kortare på den britiske enn den amerikanske utgåva. Songen «Momma» fekk tittelen «Mama» i Amerika. Ein instrumental versjon av «In Old England Town», opningssporet, vart B-sida til singelen «Showdown". Albumet inneheld òg den lengste songen til bandet, antikrigssongen «Kuiama».

Innhald endre

Alle songar er skrivne av Jeff Lynne, utanom der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«In Old England Town (Boogie nr. 2)»6:56
2.«Momma»7:03
3.«Roll Over Beethoven» (Chuck Berry)/(Johann Sebastian Bach)8:10, 7:03 (UK)
Side to
Nr.TittelLengd
4.«From the Sun to the World (Boogie nr. 1)»8:20
5.«Kuiama»11:19
Bonusspor på CD-utgåva frå 2006
Nr.TittelLengd
6.«In Old England Town» (Instrumental)2:43
7.«Baby, I Apologise»3:43
8.«In Old England Town» (Take 1, Alternate mix)6:56
9.«Roll Over Beethoven» (Take 1)8:15

ELO 2 (First Light Series) endre

ELO 2 (First Light Series)
Studioalbum av Electric Light Orchestra
Språk engelsk
Utgjeve 2003
Innspelt 1972–73 at Air Studios
Sjanger Progressiv rock, rock
Selskap Harvest, EMI
Produsent Jeff Lynne
Electric Light Orchestra-kronologi 
The Electric Light Orchestra (First Light Series)
(2001)
ELO 2 (First Light Series) The Essential Electric Light Orchestra
(2003)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic     [5]

ELO 2 (First light Series) var ei utgåve av det andre albumet til ELO, som kom ut i høve 30-årsjubileet til utgjevinga av albumet.

Det var det andre albumet i First Light Series av EMI og kom i 2003. Marc Bolan spelar sologitar på spor 10-12 på albumet. Den andre disken har namn etter arbeidstittelen til albumet, The Lost Planet og inneheld unytta studiopptak og rarietetar, inkludert songar spelt inn med den originale The Move-songaren Carl Wayne.

Alle songar er skrivne av Jeff Lynne, utanom der andre er nemnde.

CD 1 – ELO 2
Nr.TittelLengd
1.«In Old England Town (Boogie nr. 2)»6:56
2.«Momma...»7:03
3.«Roll Over Beethoven» (Berry)7:03
4.«From the Sun to the World (Boogie nr. 1)»8:20
5.«Kuiama»11:19
6.«Showdown»4:11
7.«In Old England Town (Instrumental)» (B-side)2:43
8.«Baby I Apologise» (unytta studioopptak frå 1. juni 1973)3:42
9.«Auntie (Ma-Ma-Ma Belle)» (take 1)1:19
10.«Auntie (Ma-Ma-Ma Belle)» (take 2)4:05
11.«Mambo (Dreaming of 4000)» (take 1)5:02
12.«Everyone's Born to Die»4:40
13.«Roll Over Beethoven» (Berry, Take 1)8:16
CD 2 – The Lost Planet
Nr.TittelLengd
1.«Brian Matthew Introduces ELO»0:22
2.«From the Sun to the World (Boogie nr. 1)» (BBC Session)7:25
3.«Momma» (BBC Session)6:57
4.«Roll Over Beethoven» (Berry, singelversjon)4:35
5.«Showdown» (Take 1)4:18
6.«Your World» (Take 2)4:55
7.«Get a Hold of Myself» (Take 2)4:43
8.«Mama» (Take 1)4:59
9.«Wilf's Solo» (Instrumental, Wilfred Gibson)3:39
10.«Roll Over Beethoven» (Berry, BBC Session)7:40
  • BBC-opptak er frå BBC Langham Studio 1, 1. november 1972.

Medverkande endre

Andre medverkande
  • Marc Bolan – gitar på ELO 2 spor 10–12
  • Roy Wood – bass, cello på ELO 2 spor 1 og 4
  • Carl Wayne – solovokal på The Lost Planet spor 6–8

Lister endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Caiger, Rob. «ELO Remaster Series - ELO 2 - INTRO». Ftmusic.com. Arkivert frå originalen 15. februar 2015. Henta 12. februar 2015. 
  2. Eder, Bruce. «Electric Light Orchestra Electric Light Orchestra II review». Allmusic. Rovi Corporation. Henta 6 December 2011. 
  3. Hotten, Jon (February 2005). «Electric Light Orchestra 'ELO2'». Classic Rock 76. London, UK: Future Publishing Ltd. s. 102.  |access-date= requires |url= (hjelp)
  4. Christgau, Robert. «Consumer Guide Reviews:Electric Light Orchestra II». Robert Christgau. Henta 7 December 2011. 
  5. Eder, Bruce. «Electric Light Orchestra ELO II/The Lost Planet review». Allmusic. Rovi Corporation. Henta 7 December 2011. 
  6. «Electric Light Orchestra». Offfical Charts Company. Henta 12 March 2013. 
  7. «Electric Light Orchestra II - Electric Light Orchestra : Awards». AllMusic. Henta 12 March 2013.