Collingwood på New Zealand

Collingwood
Nelson House
Nelson House
Styresmakter
Land
Region
New Zealand New Zealand
Tasman
Geografi
Innbyggjarar[1]
 - By (2006)

235
Koordinatar 40°40′38″S 172°40′58″EKoordinatar: 40°40′38″S 172°40′58″E
Tidssone
- Ved sommartid
+12 (UTC)
+13 (UTC)
Diverse anna
Telefon-retningsnummer 03
Plassering
Collingwood på New Zealand is located in New Zealand

Collingwood er ein liten by som ligg i det nordvestlege hjørnet av SørøyaNew Zealand ved Golden Bay.

GeografiEndra

Collingwood ligg i den vestlege delen i Golden Bay ved munningen til Aorere-elva. I denne byen endar riksvegen State Highway 60.

HistorieEndra

Byen vart frå først av kalla Gibbstown etter den newzealandske politikaren William Gibbs, men fekk seinare namnet Collingwood etter admiral Cuthbert Collingwood, lord Nelson sin nestkommanderande i slaget ved Trafalgar. Under gullrusjåra1850-talet vaks folketalet i byen sterkt, og det kom framlegg om å gjera han til den nye hovudstaden på New Zealand. Byen vart sterkt øydelagd av brann i 1859 og på nytt i 1904.[2]

TurismeEndra

Byen er eit senter for økoturisme på grunn av nærleiken til Kahurangi National Park og Farewell Spit naturreservat.

ReferansarEndra

  1. Tasman District Council (TDC). «Collingwood Plans 2009-2029». tasman.govt.nz. Henta 21. mai 2012. 
  2. «Collingwood New Zealand - some history». Farewell Spit Eco Tours. Henta 10. januar 2013. 
  • Reed, A. W. (2002). The Reed Dictionary of New Zealand Place Names. Auckland: Reed Books. ISBN 0-7900-0761-4.