Farewell Spit
Tuhuroa (maori)
Farewell Spit
Satellittbilete av Farewell Spit (NASA).
LandFlag of New Zealand.svg New Zealand
RegionTasman
Plassering

Farewell Spit
40°31′0″ S 172°52′0″ E

Farewell Spit er ei smal landtunge danna av sand på nordenden av SørøyaNew Zealand. Maoriane kallar tunga Tuhuroa, og ho strekkjer seg austover frå Cape Farewell, det nordlegaste punktet på øya. Ho ligg om lag 50 km nord for Takaka og 20 km frå Collingwood.

Landtunga dannar den nordlege sida av Golden Bay og er den lengste sandtunga på New Zealand. Ho strekkjer seg om lag i 26 km lengde over havflata og held fram 6 km vidare under vatn. Ho går frå vest mot aust og er danna av fin gyllen sand - medan Cape Farewell vest for denne landtunga for det meste er sett saman av kvartssandsteinarter frå sein krittid, til dømes silikat, men med spor av andre tunge mineral, granat, ilmenitt, magnetitt og pyroksen. Klippene er utsette for erosjon og vert til fin sand som boren av havstraumane dannar Farewell Spit lenger mot aust[1].

Nordsida av dynene er brattare og ustabil fordi ho heile tida vert utsett for dei dominerande vestlege vindane som i gjennomsnitt er over 25 km/t sterke. Sørsida, som vender mot Golden Bay er meir stabil, og for ein stor del dekt med vegetasjon. Tidevatnet kan trekkja seg så mykje som sju km og avdekkja om lag 80 km² gjørmegrunn; eit rikt beiteområde for dei mange sjøfuglane i området, men også ei dødsfelle for dei mange stranda kvalane her.

Menneskeleg brukEndra

 
Den automatiske fyrlykta på enden av Farewell Spit.
 
Sanddyner på Farewell Spit.

Abel Tasman var i 1642 den første europearen som såg landtunga, og han kalla henne Sand Duining Hoeck. Kaptein James Cook var den neste europearen i 1770,[1], og teikna Farewell Spit som ei breid halvøy på karta sine. Han namngav det nærliggjande Cape Farewell, og namnet heldt seg, dei tidlege europeiske nybyggjarane kalla frå først av sandbankane Cape Farewell Spit, før dette vart korta ned til det noverande namnet. Det var det siste av landet James Cook såg då hanforlet New Zealand og segla til Australia mot slutteen av den første sjøreisa si.[2]

Fyrtårnet i enden av landtunga vart første gongen tent i 1870. Den siste fyrvaktaren forlet fyret i 1984, då det vart gjort automatisk.

Farewell Spit vert administrert av Miljøverndepartementet (Department of Conservation) som eit reservat av internasjonal interesse for sjøfuglar og dyreliv elles. Det vide området innanfor er eit våtmarksområde med marskland, opne mudderflater, brakkvass-sjøar og forblåste sanddyner.[3] Bortsett frå eit lite område ved rota av landtunga er ho stengd for publikum, utanom for organiserte turar.

Turane gir høve til å hoppa frå ei sanddyne, og å vitja fyrlykta og havsulekolonien. Sørsida av Farewell Spit er heim til mange tusen sjøfuglar, mellom desse lappspove, skeivnebblo, langnebbspove og steppelo,[3] men er også ein stad der kvalar ofte strandar, oftast grindkvalar. Nordsida grensar til Tasmanhavet.

SkipsforlisEndra

Skipet «Queen Bee» gjekk på grunn utanfor Farewell Spit i 1877[4] og SS «Port Kembla» gjekk på ei mine 17 km utanfor og sokk i 1917.

ReferansarEndra

  1. 1,0 1,1 Farewell Spit and Cape Farewell (frå Te Ara Encyclopedia of New Zealand)
  2. «Collingwood Travel Guide». Jasons Travel Media. 
  3. 3,0 3,1 L.Harper; T. Mudd; P. Whitfield; D. Hall (2006). The Rough Guide to New Zealand (5 utg.). New York - London - Delhi: roughguides.com. s. 602. ISBN 1-84353-679-X. 
  4. 'Wreck of the Queen Bee, from London', s. 2, Nelson Evening Mail, 8. august 1877