Come Sail Away
Singel av Styx
frå albumet The Grand Illusion
B-side

Put Me On

Utgjeve September 1977
Innspelt 1977
Sjanger
Lengd 3:10 (singel)
6:05 (album)
Selskap A&M
Låtskrivar(ar) Dennis DeYoung
Produsent Styx
Styx-kronologi 
«Crystal Ball»
(1977)
Come Sail Away «Fooling Yourself (The Angry Young Man)»
(1978)


«Come Sail Away» er ein song av det amerikanske rockebandet Styx, skriven og sungen av Dennis DeYoung og gjeven ut på det sjuande albumet deira, The Grand Illusion (1977). Songen vart gjeven ut som den første singelen frå albumet og nådde åttandeplassen på Billboard Hot 100 i USA i januar 1978. Det var ein av dei største hittane i karrieren til Styx.

Medverkande endre

Mottaking endre

I USA nådde «Come Sail Away» åttandeplassenpå Billboard-lista og låg to veker på niandeplassen på Cash Box-lista. Songen nådde òg niandeplassen i Canada.

I popkulturen endre

Filmar endre

Songen er nytta i trailerar og TV-reklamar for filmane Atlantis: The Lost Empire, Treasure Planet, The Wild, Moana og Big Daddy.

I Netflix-filmen Like Father frå 2018 er songen vald ut av hovudkarakterane Rachel og Harry i ein karaokekonkurranse. Songen vart òg nytta i filmen Stuber frå 2019 og The Virgin Suicides.

Fjernsyn endre

Songen er ein del av plottet i ein episode av South Park kalla «Cartman's Mom Is Still a Dirty Slut». Om Cartman høyrer ein del av songen, kjennar han ei trong til å syngje resten av songen. På albumet Chef Aid: The South Park Album syng han heile songen.

Songen er òg nytta i episodar av Freaks and Geeks, Community ER, Generation Kill, Fish Hooks, The Goldbergs, Glee, Mozart in the Jungle, Modern Family og Cloak & Dagger (episode 10).

Andre versjonar endre

Me First and the Gimme Gimmes gav ut ein versjon av songen på albumet deira Ruin Jonny's Bar Mitzvah.

Patty Pravo spelte songen på italiensk som «Dai Sali Su» i 1978 på albumet hennar Miss Italia.

Salslister endre

Vekeslister endre

Liste (1977-78) Plassering
Canada Top Singles (RPM)[1] 9
US Billboard Hot 100[2] 8

Årslister endre

Liste (1978) Plassering
Canada[3] 82
U.S. (Joel Whitburn's Pop Annual)[4] 67

Kjelder endre

  1. Canadian peak
  2. Joel Whitburn's Top Pop Singles 1955-1990 - ISBN 0-89820-089-X
  3. Bac-lac.gc.ca
  4. Whitburn, Joel (1999). Pop Annual. Menomonee Falls, Wisconsin: Record Research Inc. ISBN 0-89820-142-X. 

Bakgrunnsstoff endre