Come from the Shadows
Come from the Shadows Studioalbum av Joan Baez | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Mai 1972 | |
Innspelt | 1972 | |
Studio | Quadrophonic Sound Studios i Nashville | |
Sjanger | Viser, countryfolk, americana | |
Lengd | 41:38 | |
Selskap | A&M | |
Produsent | Joan Baez | |
Joan Baez-kronologi | ||
---|---|---|
Blessed Are... (1971) |
Come from the Shadows | Where Are You Now, My Son? (1973)
|
Come from the Shadows var eit studioalbum frå 1972 av Joan Baez. Etter å ha gjeve ut musikk på det sjølvstendige selskapet Vanguard i meir enn ti år, signerte Baez for A&M og prøvde å ta karrieren sin i ei noko meir «kommersiell» retning (sjølv om albumet framleis hadde nokre politiske overtonar). I tillegg til sine eigne songar, som «Prison Trilogy», «Love Song to a Stranger», «Myths» og «To Bobby» (ein song til Bob Dylan), spelte Baez John Lennon sin «Imagine», Anna Marly sin «Song of the Partisan» og Mimi Fariña sin «In the Quiet Morning (for Janis Joplin)».
«In the Quiet Morning» og «Love Song to a Stranger» vart gjevne ut på singlar.
Albumet vart spelt inn i Quadrophonic Sound Studios i Nashville.
Plateomslaget syner eit eldre par som vert arrestert under ein antikrigsdemonstrasjon medan dei held hender og syner fredsteiknet då dei vert ført bort.
Mottaking
endreNoel Coppage frå Stereo Review var skuffa over albumet og meinte det var «berre generelt behageleg» og «dårleg konstruert».[1] Robert Christgau gav Come from the Shadows ein «C+» i magasinet Creem. Han gjorde narr av forsøket til Baez på populistisk politikk og det kultiverte vokabularet hennar, og blinka eg teksten ut til «Myths»: «Eg veit ikkje kva Folket gjer, men vanlege folk seier 'scattered upon the four winds,' ikkje 'upon the four winds scattered.' Faktisk seier dei ikkje 'scattered upon the four winds' heller».[2] William Ruhlmann i AllMusic gav seinare albumet tre av fem stjerner.[3]
Innhald
endreAlle songar er skrivne av Joan Baez, utanom der andre er nemnde.
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Prison Trilogy (Billy Rose)» | 4:23 | |
2. | «Rainbow Road» | Donnie Fritts, Dan Penn | 3:03 |
3. | «Love Song to a Stranger» | 3:55 | |
4. | «Myths» | 3:19 | |
5. | «In the Quiet Morning» | Mimi Fariña | 2:58 |
6. | «All the Weary Mothers of the Earth (People's Union 1)» | 3:34 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
7. | «To Bobby» | 3:53 | |
8. | «Song of Bangladesh» | 4:49 | |
9. | «A Stranger in My Place» | Kenny Rogers, Kin Vassy | 3:07 |
10. | «Tumbleweed» | Douglas Van Arsdale | 3:32 |
11. | «The Partisan» | Anna Marly, Hy Zaret | 3:17 |
12. | «Imagine» | John Lennon | 3:27 |
Medverkande
endre- Joan Baez – gitar, vokal
- Stuart Basore – steelgitar
- David Briggs – klaverinstrument
- Kenneth Buttrey – trommer
- Grady Martin – gitar
- Charlie McCoy – munnspel, gitar
- Farrell Morris – perkusjon
- Weldon Myrick – steelgitar
- Norbert Putnam – bass
- Glen Spreen – klaverinstrument, strykearrangement
- Pete Wade – gitar
- John «Bucky» Wilkin – gitar
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Come from the Shadows» frå Wikipedia på engelsk, den 20. oktober 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Coppage, Noel (1972). «Review». Stereo Review 29: 73.
- ↑ Christgau, Robert (October 1972). «The Christgau Consumer Guide». Creem. Henta 26. februar 2018.
- ↑ Ruhlmann, William (n.d.). «Come from the Shadows - Joan Baez». AllMusic. Henta 26. februar 2018.