Kin Vassy

amerikansk songar

Charles Kindred «Kin» Vassy (16. august 194323. juni 1994) var ein songar-låtskrivar, som i tillegg til soloplatene sine spelte med mange andre artistar, mellom andre Kenny Rogers, Frank Zappa og Elvis Presley.

Kin Vassy
Fødd16. august 1943[1]
FødestadCarrollton i Georgia i USA[1]
Død23. juni 1994 (50 år)
FødenamnCharles Kindred Vassy[1]
OpphavUSA
Aktiv1963–1994
SjangerCountry
InstrumentVokal
Tilknytte artistarKenny Rogers and the First Edition
PlateselskapLiberty
Verka somSongar-låtskrivar

I 1960-åra var Vassy medlem av The Back Porch Majority.[2] Han slutta i gruppa i 1969 og vart med i countryrockbandet Kenny Rogers and The First Edition. Som medlem av gruppa spelte han på hitalbumet Something's Burning og ein av songane hans, «Heed The Call», nådde Topp 40 i 1970.

Vassy slutta i gruppa i 1972 etter albumet The Ballad of Calico og vart erstatta av Jimmy Hassell. Han arbeidde så som soloartist og studiomusikar. I 1980 gav Vassy ut to singlar for plateselskapet ia: «Do I Ever Cross Your Mind» og «Makes Me Wonder If I Ever Said Goodbye».[1] Han flytta til Liberty Records og gav ut sju singlar her, mellom anna «When You Were Blue and I Was Green», so nådde 21. plassen på Hot Country Songs. Vassy heldt fram å arbeide med Rogers på forskjellige prosjekt, som What About Me? frå 1984. Vassy skreiv òg songen «Kentucky Homemade Christmas» for Rogers, som kom på Christmas (Liberty Records, 1981). I 1984 spelte han ein song med country-gospel-songaren Stella Parton, for Rhinestone, som systera til Stella, Dolly hadde spelt i.

Vassy døydde av kreft i 1994.[1]

DiskografiEndra

År Singel US Country[1]
1971 «Revelation»
1972 «Will The Circle Be Unbroken»
1979 «Do I Ever Cross Your Mind» 85
1980 «Makes Me Wonder If I Ever Said Goodbye» 67
«There's Nobody Like You» 88
1981 «Likin' Him and Lovin' You» 39
«Sneakin' Around» 48
«When You Were Blue and I Was Green» 21
1982 «Cast the First Stone» 78
«Women in Love» 59
1983 «Tryin' to Love Two» 80

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 Whitburn, Joel (2008). Hot Country Songs 1944 to 2008. Record Research, Inc. s. 439. ISBN 0-89820-177-2. 
  2. Eder, Bruce. «Kin Vassy biography». Allmusic. Henta 6. juni 2014.