David Paul Briggs
- Denne artikkelen handlar om musikaren frå Alabama. For musikaren frå California, sjå David Briggs.
David Paul Briggs (fødd 16. mars 1943 i Killen i Alabama i USA) er ein amerikansk klaverspelar, plateprodusent, arrangør, låtskrivar og studioeigar. Han spelte på den første innspelinga si berre 14 år gammal og har sidan spelt klaverinstrument for mange artistar innan pop, rock og country, i tillegg til mange hundre reklamar.
David Paul Briggs | |||
Fødd | 16. mars 1943 (81 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Killen | ||
Fødenamn | David Paul Briggs | ||
Opphav | USA | ||
Instrument | piano | ||
Plateselskap | Decca Records | ||
Verka som | musikkprodusent, pianist, komponist |
Karriere
endreI mai 1966[1] fekk Briggs høve til å spele med Elvis Presley på albumet How Great Thou Art då Floyd Cramer kom for seint i studio. Briggs heldt fram å spele og turnere med Presley fram til februar 1977.[2]
David Briggs og Norbert Putnam opna Quadrafonic Studios seint i 1960-åra. Det vart seld i 1976 og Briggs opna House of David.
Briggs var plateartist på Decca, Polydor og Monument i 1960-åra og medlem av bandet Area Code 615 1969-1971. Artistar han har arbeidd med er mellom anna Elvis Presley, Dean Martin, Joan Baez, Nancy Sinatra, B.B. King, Johnny Cash, Dolly Parton, Waylon Jennings, George Harrison, Todd Rundgren, Roy Orbison, The Monkees, J. J. Cale, Kris Kristofferson og mange andre.
David Briggs vart innelemma i Alabama Music Hall of Fame i 1999.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «David Briggs (American musician)» frå Wikipedia på engelsk, den 24. januar 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Keith Flynn's Elvis Presley Pages». Keithflynn.com. Henta 24. januar 2015.
- ↑ «Elvis Presley In Concert». Elvisconcerts.com. Henta 24. januar 2015.
Bakgrunnsstoff
endre- Alabama Music Hall of Fame Arkivert 2015-02-17 ved Wayback Machine.
- Elvis Presley's TCB Band
- Discogs.com
- Quad Studios Nashville
- Music News Nashville Arkivert 2015-01-28 ved Wayback Machine.