Conon Bridge
Conon Bridge (skotsk-gælisk Drochaid Sguideil) er ein landsby i regionen Highland i Skottland. Han har kring 2500 innbyggjarar. Conon Bridge ligg like sør for Dingwall inst i fjorden Cromarty Firth på den skotske nordaustkysten. Næraste større by er Inverness, om lag 15 kilometer sørvest.
Conon Bridge | ||
---|---|---|
skotsk-gælisk | Drochaid Sguideil | |
Conon Bridge Hotel | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | Skottland | |
Region | Highland | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - By (2001) |
2 661 | |
Koordinatar | 57°34′N 4°26′W / 57.567°N 4.433°W | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | IV7 8 | |
Conon Bridge ligg på sørsida av elva Conon, like over elva ligg landsbyen Maryburgh.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Conon Bridge» frå Wikipedia på bokmål, den 3. november 2011.