Cornelis Floris de Vriendt

Cornelis Floris (fødd Cornelis Floris de Vriendt151420. oktober 1575)[1]) var ein nederlandsk arkitekt og bilethoggar under renessansen.

Cornelis Floris de Vriendt

Fødd ca. 1514
Antwerpen
Død

20. oktober 1575 (61 år)
Antwerpen

Yrke arkitekt, bilethoggar, medaljør, designar, biletkunstnar
Far Cornelis Floris I
Mor Margaretha Goos
Cornelis Floris de Vriendt på Commons
Antwerpen rådhus på ei teikning av Joan Blaeu i 1649
Christian IIIs monument i Roskilde domkyrkje
Foto: Kaspar Damm Larsen

Floris var aktiv i Antwerpen der han også var medlem av Sint-Lucasgildet.[1] Han hadde eit bilethoggarverksted kor det blei sendt ut praktmonument laga av marmor og sort kalksten til store delar av Nord-Europa.[2] Han leverte fleire gravmonument til Danmark, blant anna gravmonumentet over Kristian III til Roskilde domkyrkje og over Fredrik I i Schleswig domkyrkje.[2] I Danmark fekk stilen stor utbredelse og vert kalla Florisstil.[2]

Han spela ei viktig rolle ved oppføringa av Antwerpen rådhus.[3]

Floris var bror av målaren Frans Floris.

Kjelder

endre

Referansar

endre
  1. 1,0 1,1 Cornelis Floris[daud lenkje] i RKDs database
  2. 2,0 2,1 2,2 Cornelis Floris i Weilbachs kunstnerleksikon
  3. Jan Lampo: Antwerp City Hall