Cosmic Wheels
Cosmic Wheels Studioalbum av Donovan | ||
Utgjeve | Mars 1973 | |
Innspelt | 1972 | |
Sjanger | Folkrock, glamrock | |
Lengd | 37:56 | |
Selskap | Epic | |
Produsent | Donovan Leitch Mickie Most | |
Donovan-kronologi | ||
---|---|---|
HMS Donovan (1971) |
Cosmic Wheels | Live in Japan: Spring Tour 1973 (1973)
|
Cosmic Wheels er det tiande studioalbumet til den skotske visesongaren Donovan. Det vart gjeve ut i mars 1973.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
Robert Christgau | C−[2] |
Historie
endreEtter å ha vorte far og stifta familie, spelte Donovan inn barneplata H.M.S. Donovan, før han igjen vendte seg mot populær musikk i 1972. Det hadde gått tre år sidan «Atlantis» nådde Topp 10. Sidan den gong hadde Donovan hatt noko suksess med Open Road. I håp om å finne tilbake til suksessformelen, tok Donovan inn att Mickie Most som hadde produsert dei fleste innspelingane hans på slutten av 60-talet. Cosmic Wheels-innspelignane vart gjort i Morgel Studios i London i England. På denne tida var glamrock på toppen av listene i Storbritannia, definert av band og artistar som T. Rex, Alice Cooper og David Bowie blant andre. Fleire av desse artistane hevda at Donovan var ei viktig inspirasjonskjelde for musikken deira. Denne omtalen var med på å forme den musikalske retninga Cosmic Wheels skulle ta.
Medan Donovan spelte inn Cosmic Wheels, spelte Alice Cooper inn Billion Dollar Babies i same studio i 1973. Alice Cooper-gitaristen Michael Owen Bruce foreslo å be Donovan synge solo på tittelsporet i lag med Vincent Damon Furnier (som seinare tok namnet Alice Cooper for seg sjølv). Donovan gjekk med på det og resultatet var med på å føre Billion Dollar Babies heilt til topps i USA.
Cosmic Wheels nådde Topp 20 både i USA og Storbritannia, om lag like høgt som mange av dei tidlegare albuma til Donovan. I 1973 hadde musikkindustrien endra eg mot meir album-orientert rock, og singlar hadde vote mindre viktig. I redigert utgåve nådde «I Like You» 66. plass i USA og vart den siste singelen hans som gjekk inn på lista der.
Innhald
endreAlle songar er skrivne av Donovan Leitch.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Cosmic Wheels» | 4:02 |
2. | «Earth Sign Mama» | 3:56 |
3. | «Sleep» | 3:48 |
4. | «Maria Magenta» | 2:12 |
5. | «Wild Witch Lady» | 4:27 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
6. | «The Music Makers» | 4:28 |
7. | «The Intergalactic Laxative» | 2:49 |
8. | «I Like You» | 5:18 |
9. | «Only the Blues» | 3:13 |
10. | «Appearances» | 3:44 |
Medverkande
endre- Leslye Ash – Vokal
- John «Rabbit» Bundrick – Klaverinstrument
- Tony Carr – Perkusjon
- Valerie Carrington – Vokal
- Clive Chaman – Bass
- Phil Chen – Bass
- Nick Curtis – Vokal
- Donovan – Gitar, munnspel, vokal
- Lesley Duncan – Vokal
- Jack Emblow – Trekkspel
- Julie Forsythe – Vokal
- Leslie Fyson – Vokal
- Peter Halling – Fiolin
- Jim Horn – Saksofon
- Bobby Keys – Saksofon
- John McCarthy – Vokal
- Cozy Powell – Trommer
- Suzi Quatro – Vokal
- Chris Spedding – Gitar
- Gaynor Stewart – Vokal
- Jill Utting – Vokal
- Dennis Ball (feilskrive som «Dennis Wall») – Bass
- Alan White – Trommer
- Cary Wilson – Vokal
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Cosmic Wheels» frå Wikipedia på engelsk, den 11. mars 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: