Billion Dollar Babies

Billion Dollar Babies
Studioalbum av Alice Cooper
Språk engelsk
Utgjeve 25. februar 1973
Innspelt The Galecie Estate, Greenwich, CT, The Record Plant, NY, og Morgan Studios i London,
August 1972 - januar 1973
Sjanger Hardrock, heavy metal
Lengd 40:51
Selskap Warner Bros.
Kritikk
Alice Cooper-kronologi 
School's Out
(1972)
Billion Dollar Babies Muscle of Love
(1973)


Billion Dollar Babies er det sjette studioalbum av det amerikanske hardrockbandet Alice Cooper, gjeven ut i 1973.[1][5] Albumet vart det bestseljande albumet til Alice Cooper då det kom ut både i USA og Storbritannia og selde til platinaplate i USA. Albumet vart hylla av kritikarar som Robert Christgau, Greg Prato frå allmusic, og Jason Thompson frå popmatters, men Rolling Stone gav det berre to og ei halv stjerne.

Songane vart spelt inn i Connecticut og London i England. Tekstane omhandla tema som nekrofili, tannlegefrykt, skrekk og eit humoraktig innslag av seksuell trakassering.

Innspeling og produksjon

endre

Trommeslagaren Neal Smith har sagt at albumet kan sporast tilbake til songen «Caught in a Dream» frå albumet Love It to Death. Den første innspelinga for albumet fann stad i Greenwich i Connecticut i eit herskapshus kalla Galecie Estate. For å få til visse vokallydar og ekkoeffektar, vart mikrofonane plasserte ut i rom av forskjellig storleik og eit drivhus. Andre innspelingar fann stad i Morgan Studios i London, der songaren Donovan medverka med å synge på tittelsporet til albumet. Albumet vart produsert av Bob Ezrin.[6]

Gitaristane Glen Buxton og Michael Bruce nytta begge Gibson SG-gitarar for albumet.[6] To gitaristar til, Dick Wagner og Steve Hunter spelte òg på albumet for å hjelpe Buxton som på denne tida sleit med eit stort dopmisbruk.[7]

Tekstar og tema

endre

Tittelen på albumet kom av at Alice Cooper og bandet var overraska over suksessen sin. Cooper fortalte: «Korleis kan me, dette bandet som for to år sidan budde i kjellaren til Chambers-brørne i Watts, vere nummer ein-bandet i verda, der folk kastar pengar etter oss?»[8] Tittelen vart òg seinare nytta på bandet til Neal Smith, Dennis Dunaway og Michael Bruce som dei danna etter at dei forlet Alice Cooper.[9] Cooper sa «Heile ideen bak Billion Dollar Babies var å utnytte ideen om at folk har sjuke perversjonar».[10] Chris Cornell frå Soundgarden sa seinare: «Då eg var på vidaregåande skule, let lærarane elevane få spele favorittplatene sine kvar fredag. Eg tok med meg Billion Dollar Babies og dei let meg ikkje spele han. Dei hadde aldri nekta nokon før. Det var då eg forstod at rock’n’roll kunne skremme livskiten av visse folk»[11]

Alice Cooper, som skreiv dei fleste tekstane på albumet, siterte Chuck Berry som ei stor inspirasjonskjelde for tekstane sine.[6] «Hello Hooray», opningssporet på albumet, vart skriven av den kanadiske songaren og låtskrivaren Rolf Kempf og var tidlegare spelt inn av Judy Collins. Bandet ønskte at versjonen deira av songen skulle høyrast ut som «Alice Cooper møter kabaret».[12] Det tredje sporet på albumet, «Elected», var ei omskriving av ein tidlegare song av bandet kalla «Reflected».[1] «Raped and Freezin'» er vorte kalla ein «festleg og særs fengande» song om seksuell trakassering av Jason Thompson i PopMatters.[2] «Unfinished Sweet» handlar om eit tannlegebesøk.[2] Tittelsporet er skriven i lag med Reggie Vinson, som spelte gitar og song på School's Out.[13] Donovan skildra songen som ein «skrekkhistorie-song».[14] Den siste songen på albumet, «I Love the Dead» er ein underfundig song om nekrofili.[15]

Turne

endre
 
Alice Cooper framfører Billion Dollar Babies.

Etter albumet kom ut la bandet ut på ein turne som sette nye salsrekordar i USA, tidlegare heldt av the Rolling Stones, og omfatta 64 konsertar i 59 byar på 90 dagar. Bruttoinntekta var venta å vere tilnærma $20 millionar,[16] men dei tente berre om lag $4 millionar.[6]

På konsertane var Cooper kledd i kjole med falske blodflekkar i skrittet, og han reiv i sund babydokker og gjekk til åtak på mannekengar.[17] Cooper har sagt at skamferinga av dukkane symboliserte omsorgssvikt.[18] Mellom 40 og 50 folk var i sving og 11 tonn med utstyr vart nytta.[19] To semi-trailerar frakta alt sceneutstyret som omfatta tannlegebor, fire piskar, eit operasjonsbord, seks stridsøkser, 33 000 programhefte, 300 babydukker, 22 000 stjerneskot, 58 mannekengar, 280 ekstra lyspærer og mykje meir.[20]

Mottaking og påverknad

endre

Billion Dollar Babies gjorde det betre enn dei førre albuma til Alice Cooper. Det gjekk til topps i både USA og Storbritannia.[16] Singlane «Elected», «Hello Hooray», «Billion Dollar Babies» og «No More Mr. Nice Guy» vart alle hittar i USA.[21] I mars 1973 mottok bandet gullplate for albumet og i 1986 hadde det seld til platina.[22]

Den norske gruppa Turbonegro laga ein song kalla «Zillion Dollar Sadist» som ei hyllest til Billion Dollar Babies.[23] David Byrne frå Talking Heads har sagt at albumet inspirerte han til å skrive songen «Psycho Killer».[24]

Innhald

endre
Side ein
Nr.TittelMusikkLengd
1.«Hello Hooray»Kempf4:15
2.«Raped and Freezin'»Cooper, Michael Bruce3:19
3.«Elected»Cooper, Glen Buxton, Bruce, Dennis Dunaway, Neal Smith4:05
4.«Billion Dollar Babies»Cooper, Bruce, Smith, Vinson3:43
5.«Unfinished Sweet»Cooper, Bruce, Smith6:18
Side to
Nr.TittelMusikkLengd
6.«No More Mr. Nice Guy»Cooper, Bruce3:06
7.«Generation Landslide»Cooper, Buxton, Bruce, Dunaway, Smith4:31
8.«Sick Things»Cooper, Bruce, Bob Ezrin4:18
9.«Mary Ann»Cooper, Bruce2:21
10.«I Love the Dead»Cooper, Ezrin5:09

Bonusspor på deluxe-utgåve

endre

CD-utgåva frå 2001 inneheld desse spora i tillegg[25]:

Nr.TittelMusikkLengd
11.«Hello Hooray»Kempf 
12.«Billion Dollar Babies»Bruce, Cooper, Smith, Vinson 
13.«Elected»Bruce, Buxton, Cooper, Dunaway, Smith 
14.«I'm Eighteen»Bruce, Buxton, Cooper, Dunaway, Smith 
15.«Raped and Freezin'»Bruce, Cooper 
16.«No More Mr. Nice Guy»Bruce, Cooper 
17.«My Stars»Cooper, Ezrin 
18.«Unfinished Sweet»Bruce, Cooper, Smith 
19.«Sick Things»Bruce, Cooper, Ezrin 
20.«Dead Babies»Bruce, Buxton, Cooper, Dunaway, Smith 
21.«I Love The Dead»Cooper, Ezrin 
22.«Coal Black Model T»  
23.«Son Of Billion Dollar Babies (Generation Landslide)»  
24.«Slick Black Limousine»Cooper, Dunaway 


Medverkande

endre

Lister

endre

Album

endre
År Liste Plassering
1973 US Billboard 200[16] 1
1973 UK Albums Chart[16] 1

Singlar

endre
År Singel Liste Plassering
1972 «Elected» Billboard Hot 100[21] 26
1973 «Hello Hooray» Billboard Hot 100[21] 35
1973 «No More Mr. Nice Guy» Billboard Hot 100[21] 25
1973 «Billion Dollar Babies» Billboard Hot 100[21] 57

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 Prato, Greg. «allmusic (((Billion Dollar Babies > Overview)))». Allmusic. Henta 24. oktober 2011. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Thompson, Jason. «Alice Cooper: Billion Dollar Babies – PopMatters Music Review». PopMatters. Henta 24. oktober 2011. 
  3. Brackett, Nathan; Hoard, Christian (2004). The New Rolling Stone Album Guide. Simon & Schuster. s. 12. ISBN 0-7432-0169-8. 
  4. Christgau, Robert (1981). Rock Albums of the '70s: A Critical Guide. Da Capo Press. s. 92. ISBN 0-306-80409-3. [daud lenkje]
  5. Neill, Andrew; Kent, Matthew (2009). Anyway, Anyhow, Anywhere: The Complete Chronicle of THE WHO 1958-1978. Sterling Publishing. s. 219. ISBN 1402766912. 
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 Hall, Russell. «Alice Cooper’s Billion Dollar Babies: Gibson’s Classic Album of the Month». Gibson Gitar Corporation. Arkivert frå originalen 11. juni 2010. Henta 24. oktober 2011. 
  7. Stanton, Scott (2003). The Tombstone Tourist: Musicians. Pocket Books. s. 296. ISBN 0-7434-6330-7. 
  8. Dansby, Andrew. «Alice Cooper ready to bring mayhem to Houston». Houston Chronicle. Henta 24. oktober 2011. 
  9. Henderson, Alex. «allmusic (((The Billion Dollar Babies > Overview)))». Allmusic. Henta 24. oktober 2011. 
  10. Morgel, Jeffrey. «CREEM ONLINE: Marilyn Manson — The Golden Age Of Grotesque». Creem. Arkivert frå originalen 17. juli 2011. Henta 24. oktober 2011. 
  11. Michael Corcoran, “Northwest of Hell,” SPIN, December 1989, 41-43.
  12. Cooper, Alice; Zimmerman, Kent; Zimmerman, Keith (2007). Alice Cooper, Golf Monster: A Rock 'n' Roller's Life and 12 Steps to Becoming a Golf Addict. Crown Publishers. s. 100. ISBN 978-0-307-38291-7. 
  13. Fishwick, Marshall William; Browne, Ray Broadus (1987). The God Pumpers: Religion in the Electronic Age. Bowling Green State University Popular Press. s. 150. ISBN 0-87972-400-5. 
  14. Bowe, Brian J. «CREEM ONLINE: Donovan – Molten Truths». Creem. Arkivert frå originalen 17. juli 2011. Henta 24. oktober 2011. 
  15. Waksman, Steve (2009). This Ain't the Summer of Love: Conflict and Crossover in Heavy Metal and Punk. University of California Press. s. 70. ISBN 978-0520-25310-0. 
  16. 16,0 16,1 16,2 16,3 Konow, Daivd (2002). Bang Your Head: The Rise and Fall of Heavy Metal. s. 41. ISBN 0-609-80732-3. 
  17. Curtis, James M. (1987). Rock Eras: Interpretations of Music and Society, 1954–1984. Bowling Green State University Popular Press. s. 257. ISBN 0-87972-368-8. 
  18. Campbell, Mary (22 June 1975). «Alice Wants To Be Establishment». Sarasota Herald-Tribune. 
  19. Sippel, John (29 September 1973). «Travel Costs Acts $20–30 Mil Yearly». Billboard. 
  20. Crouse, Richard (2000). Big Bang Baby: The Rock Trivia Book. Dundum Press. s. 139. ISBN 0-88882-219-7. 
  21. 21,0 21,1 21,2 21,3 21,4 «allmusic (((Alice Cooper > Charts & Awards > Billboard Singles)))». Allmusic. Henta 24. oktober 2011. 
  22. «RIAA – Gold & Platinum». Recording Industry Association of America. Henta 24. oktober 2011. 
  23. Begrand, Adrien. «Turbonegro: Ass Cobra / Apocalypse Dudes – PopMatters Music Review». PopMatters. Henta a song called "Zillion. 
  24. Jackson, Blair. «Classic Tracks: Talking Heads' "Psycho Killer"». Mix. Arkivert frå originalen 29. juni 2011. Henta 24. oktober 2011. 
  25. Prato, Greg. [Billion Dollar BabiesAllmusic «allmusic (((Billion Dollar Babies Deluxe Edition > Overview)))»] Check |url= value (hjelp). Allmusic. Henta 24. oktober 2011. 

Bakgrunnsstoff

endre