How to Train Your Dragon

animert langfilm frå 2010
(Omdirigert frå Dragetreneren)

How to Train Your Dragon (norsk: Dragetreneren) er ein amerikansk dataanimert action-fantasifilm frå 2010, produsert av DreamWorks Animation og distribuert av Paramount Pictures. Han er laust basert på bokserien under same namn av den engelske forfattaren Cressida Cowell, og er regissert av Chris Sanders og Dean DeBlois, duoen som skreiv og regisserte Walt Disney-filmen Lilo & Stitch. Filmen har stemmeskodespelarar som Jay Baruchel, Gerard Butler, Craig Ferguson, America Ferrera, Jonah Hill, T.J. Miller, Kristen Wiig, og Christopher Mintz-Plasse.

How to Train Your Dragon
Norsk tittel: Dragetreneren
RegiDean DeBlois, Chris Sanders Sjå dette på Wikidata
Forfattar(ar)Tim Johnson Sjå dette på Wikidata
Produsent(ar)Bonnie Arnold Sjå dette på Wikidata
ManusWilliam Davies, Dean DeBlois, Chris Sanders Sjå dette på Wikidata
Basert påHow to Train Your Dragon, How to Train Your Dragon Sjå dette på Wikidata
Stemme­skodespelarJay Baruchel, Gerard Butler, Craig Ferguson, America Ferrera, Jonah Hill, Christopher Mintz-Plasse, T.J. Miller, Kristen Wiig, Ashley Jensen, David Tennant Sjå dette på Wikidata
KlippMaryann Brandon Sjå dette på Wikidata
MusikkJohn Powell Sjå dette på Wikidata
SjeffotografRoger Deakins Sjå dette på Wikidata
ProduksjonsselskapDreamWorks Animation Sjå dette på Wikidata
DistributørParamount Pictures, UIP-Dunafilm, Netflix Sjå dette på Wikidata
Utgjevingsdato18. mars 2010,[1] 25. mars 2010 (Tyskland),[2][3] 26. mars 2010 (USA)[4]
Lengd98 minutt Sjå dette på Wikidata
OpphavslandUSA Sjå dette på Wikidata
Språkengelsk
Inntening494 900 000 US-dollar (verdsfemnande),[5] 217 581 231 US-dollar (USA)[6]
Sjangerfantasyfilm, barnefilm, eventyrfilm, romanfilmatisering, filmkomedie, middelalderfilm, actionfilm, familiefilm Sjå dette på Wikidata

Handlinga går føre seg i ei mytisk vikingverd der ein ung tenåring kalla Hiccup strever etter å leve opp til sedvanen i stammen sin om å verte ein drakedrepar. Etter å endeleg ha fanga sin første drake, og dermed fått sjansen til å ta livet av ein for å verte akseptert av stammen, finn han ut at han ikkje lenger vil drepe dyret og vert i staden ven det.[7]

Filmen vart utgjeven 26. mars 2010 og var ein kritisk og kommersiell suksess, der han fekk vellæte frå filmkritikar og publikum, og tente inn nærare 500 millionar dollar globalt. Når det gjeld den norskspråklege utgåva av filmen, har det vore reaksjonar på at dei eldre og trauste vikingane taler dialektar frå Hordaland og Sogn og Fjordane, medan dei yngre og sympatiske karakterane snakkar urbant austnorsk.[8][9] Ein oppfølgjar, How to Train Your Dragon 2, hadde premiere 13. juni 2014 og fekk i likskap med forgjengaren god kritikk og var ein kommersiell suksess. Den siste filmen i serien, How to Train Your Dragon 3, hadde norsk premiere 11. januar 2019.

Referansar

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: How to Train Your Dragon