Crișul Alb
Crișul Alb (på rumensk) eller Fehér-Körös (på ungarsk) er ei elv vest i Romania (Transylvania) og søraust i Ungarn (Békés fylke). Ho har utspring sør i Apusenifjella. Elva renn gjennom byane Brad, Ineu, Chișineu Criș i Romania, og Gyula i Ungarn. Ho kryssar grensa til Ungarn og skiftar namn til Fehér-Körös, der ho møter Fekete-Körös eit par kilometer nord for Gyula. I lag dannar dei Körös.
Crișul Alb | |||
elv | |||
Land | Romania, Ungarn | ||
---|---|---|---|
Lengd | 235 km | ||
Middelvassføring | 1,1 m³/s | ||
Kjelde | Apusenifjella | ||
Munning | Körös | ||
Crișul Alb 46°42′01″N 21°16′09″E / 46.700277777778°N 21.269166666667°E | |||
Wikimedia Commons: Crișul Alb |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Crișul Alb» frå Wikipedia på engelsk, den 24. september 2007.