Crnoljeva
Crnoljeva (serbisk Црнољева; albansk Carralevë eller Mali i Carralevës) er eit fjell sentralt i Kosovo som deler dei to geografiske regionane Kosovosletta og Metohija. Crnoljeva er òg eit punkt der dei tre nedslagsfelta i Serbia møter kvarandre (og tre av fire på Balkan), noko som gjer fjellet til eit stort hydrografisk knutepunkt. På albansk er fjellet kalla opp etter landsbyen Carraleva.
Crnoljeva | |||
fjell | |||
Land | Kosovo | ||
---|---|---|---|
Høgd | 1 177 moh. | ||
Koordinatar | 42°27′N 20°53′E / 42.450°N 20.883°E | ||
Crnoljeva 42°27′00″N 20°53′00″E / 42.45°N 20.88333333°E |
Crnoljeva ligg sør i sentrale område av Kosovo, mellom dalane til elvane Drenica (i aust) og Miruša og Topluga (i vest). Fjellet strekkjer seg frå nord tils ør og deler Prizren-senkinga i Metohija frå Drenica-regionen på Kosovosletta. Den høgaste toppen er Topila på 1177 meter over havet, medan Drmanska glava (926 moh) utgjer det hydrografiske knutepunktet. Ein annan fjelltopp er Korenik (1142 m).
Crnoljeva er rik på malm, hovudsakleg krom, magnesitt og kol. Midt over fjellet kryssar vegen Uroševac-Prizren.
Av elvar som spring ut frå fjellet finn ein:
- Drenica, Topila og Crnoljeva reka; gjennom Sitnica drenerer dei mot Svartehavet.
- Nerodimka; gjennom Lepenac drenerer ho ut i Egearhavet;
- Banja, Miruša og Topluga; gjennom Kvite Drin drenerer dei ut i Adriahavet;
Større busetnader rundt Crnoljeva er Štimlje (aust), Suva Reka, Blace, Banjë, Mališevo (vest), Lapušnik, Komorane (nord) og Carraleva (aust).
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Crnoljeva» frå Wikipedia på engelsk, den 13. februar 2009.