Crosswellbreen er ein isbre 10 nautiske mil lang, som flyt nord-nordaust frå Mount Shinn og ut i Ellenbreen, sentralt i Sentinel Range i Ellsworth Mountains. Han vart først kartlagt av US Geological Survey frå landmålingar og frå flyfoto tekne av U.S. Navy i 1957–59, og vart namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names etter oberst Horace A. Crosswell i United States Air Force, leiaren for C-124 Globemaster sine flydropp under opprettinga av forskingsstasjonen på Sørpolen i 1956–57.[1]

Crosswellbreen
isbre
Land  Antarktis
Stad Ellsworth Land
 - koordinatar 78°17′S 85°24′W / 78.283°S 85.400°W / -78.283; -85.400
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Crosswellbreen
78°17′00″S 85°24′00″W / 78.2833°S 85.4°W / -78.2833; -85.4
Crosswellbreen is located in Antarktis
Crosswellbreen (Antarktis)

Kjelder

endre
  1. «Crosswell Glacier». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 2. mars 2013. 

  Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Crosswellbreen» (innhald frå Geographic Names Information System).