Crotone

kommune i Italia

Crotone er ein by sør i Italia ved Det joniske havet. Han er hovudstad i provinsen Crotone i regionen Calabria og har om lag 60 000 innbyggjarar.

Crotone
Horisonten til Crotone
Horisonten til Crotone
Plassering
Crotone is located in Italia
Styresmakter
Land
Region
Provins
Italia Italia
Calabria
Crotone
Grunnlagd Om lag 710 fvt.
Borgarmeister Peppino Vallone
Geografi
Flatevidd
 - By

178 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2005)
   - folketettleik

60 157
  333,7/km²
Koordinatar 39°05′N 17°07′E / 39.083°N 17.117°E / 39.083; 17.117
Høgd over havet 8 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 88900
Telefon-retningsnummer 0962
Nettstad: www.comune.crotone.it

Han vart grunnlagd om lag 710 fvt. som ein akaisk koloni kalla Kroton (latin Crotone) og vart kalla Cotrone frå mellomalderen og fram til 1928. I 1994 vart han hovudstad i den nyoppretta provinsen Crotone.

Historie endre

Croton var lenge ein av dei mest velståande byane i Magna Graecia. Innbyggjarane var kjend for den fysiske styrken deira og for det enkle livet dei levde. Frå 588 fvt. og framover kom mange olympiske idrettsutøvarar frå byen, den mest kjende av desse var Milo frå Croton. Pytagoras grunnla skulen sin her, pytagorearane, ved Croton om lag 530 fvt. Av elvane hans finn ein den tidlege medisinteoretikaren Alcmaeon av Croton og filosofen, matematikaren og astronomen Philolaus. Pytagorearane fekk etter kvart stor innverknad på høgsterådet på tusen medlemmar, som styrte byen. Sybaris var rivalen til Croton fram til 510 fvt., då Croton sende ein hær på hundre tusen mann, kommandert av boksaren Milo, mot Sybaris og øydela han. Kort tid etter oppstod det eit opprør der pytagorearane vart driven ut og ersatta av eit demokrati.

 
Mynt frå Croton, om lag 480-460 fvt.

I 480 fvt. sende Croton eit skip for å støtte grekarane i slaget ved Salamis, men sigeren til Locri og Rhegium over Croton same året markerte byrjinga på nedgangen. Han vart erstatta av Heraclea som hovudby for Det italiotiske forbundet. Dionysius, tyrannen i Siracusa, ville ha herredøme over Magna Graecia og erobra Croton i 379 fvt. og heldt byen i tolv år. Croton vart så okkupert av bruttiarane, bortsett frå citadellen, der størstedelen av innbyggjarane hadde søkt tilflukt då dei ikkje kunne forsvare seg mot kartagiske styrkar. Etter kort tid overgav dei seg og fekk lov å trekke seg tilbake til Locri.

I 295 fvt. fall Croton til ein annan tyrann frå Siracusa, Agathocles. Då Pyrrhus invaderte Italia (280-278, 275 fvt.) var Croton framleis ein viktig by med 19 km lang bymurar, men etter Pyrrhoskrigen vart halve byen forlaten (Livius 24.3). Det som var igjen av innbyggjarane vart ein del av Den romerske republikken i 277 fvt. Etter slaget ved Cannae i den andre punarkrigen (216 fvt.) gjorde Croton opprør mot Roma, og Hannibal heldt til her kvar vinter i tre år, og byen vart først gjenerobra i 205 eller 204 fvt. I 194 fvt. vart byen ein romersk koloni. Frå den tid høyrer ein lite om byen gjennom romartida.

 
The Castle of Charles V.

Rundt 550 vart byen omleira av Totila, kongen til austgotarane, utan at dei klarte å ta han. Seinare vart han ein del av Austromarriket. Om lag 870 vart byen erobra og plyndra av sarasenarar, som tok livet av biskopen og mange folk som hadde søkt tilflukt i domkyrkja. Over hundre år seinare sette Otto II av Det tysk-romerske riket i gang eit felttog i Sør-Italia for å drive dei ut og redusere makta til Austromarriket, men vart slått av ein Kalbidarhær nær Cotrone 13. juli 982. Seinare vart Cotrone erobra av normannarar og vart så ein del av Kongedømet Napoli og seinare Begge Siciliar, som vart erobra av Kongedømet Sardinia i 1860 og ein del av Kongedømet Italia i 1861.

Crotone si plassering mellom hamnene i Taranto og Messina, i tillegg til å ligge nær eit stort vasskraftverk, førte til industriell utvikling i byen mellom dei to verdskrigane. I 1930-åra vart folketalet dobla. Uheldigvis gjekk dei to største bedriftene, Pertusola Sud og Montedison, konkurs og seint på 1980-talet var det ei økonomisk krise i byen og mange mista jobbane sine og flytta ut. I 1996 vart byen råka av ein flaum, men etter den tid har det vorte betre tilhøve for innbyggjarane.

Kjelder endre