Cruden Bay
Cruden Bay er ein landsby i regionen Aberdeenshire i Skottland. Han har kring 1500 innbyggjarar, og ligg på nordkysten av Bay of Cruden, 42 km nord for Aberdeen.
Cruden Bay | ||
---|---|---|
skotsk-gælisk | Inbhir Chruidein | |
Harbour Street i Cruden Bay | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | Skottland | |
Region | Aberdeenshire | |
Tradisjonelt grevskap | Aberdeenshire | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - By (2001) |
1 608 | |
Koordinatar | 57°25′N 1°51′W / 57.417°N 1.850°W | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | AB42 | |
Telefon-retningsnummer | 0 01779 81 | |
Like sør for Slains Castle var Cruden Bay var åstad for eit slag mellom danskar og skottar under kong Malcolm II i 1012. Namnet kjem opphavleg frå gælisk Croch Dain (slakt av danskar).[1]
I dag trekker Cruden Bay til seg turistar med hotell og golf bane. Staden har ei lang strandlinje som vart kjend då flygaren Tryggve Gran gjorde den første flyturen aleine over Nordsjøen.[2]
Cruden Bay er staden der Forties pipeline system går i land, som fører råolje 169 km gjennom Forties Unity-plattforma, til terminalen ved Cruden Bay. Derfrå blir råolja ført til prosessanlegget ved Kinneil i Grangemouth.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Cruden Bay» frå Wikipedia på bokmål, den 3. november 2011.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ A Brief History of Cruden Parish Church crudenchurch.org.uk
- ↑ Tryggve Gran, arkivert frå originalen 14. mars 2007, henta 3. november 2011