Crystal Taliefero
Crystal Taliefero-Pratt (fødd Taliefero i 1963) er ein amerikansk multi-instrumentalist og songar. Sidan 1989 har ho turnert og spelt med Billy Joel.
Crystal Taliefero | |||
Mark Rivera, Taliefero og Carl Fischer i Billy Joel Band i mai 2007 | |||
Fødd | 1963 (61 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Bourne i Massachusetts | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1974 til i dag | ||
Sjanger | Rock, rhythm and blues | ||
Instrument | perkusjon, saksofon, munnspel, gitar, trommer, korvokal | ||
Verka som | Musikar |
Ho vart bede om å spele trommer og synge på Storm Front av Billy Joel i 1989, og var med som korvokalist i 1993 på River of Dreams.[1]
I 1991 song Taliefero med Bee Gees på turneen deira, og i 1992 var ho med Bruce Springsteen på den omfattande verdsturneen hans, som enda i juni 1993.[2]
Andre artistar Taliefero har spelt i lag med er Faith Hill, Garth Brooks, Joe Cocker, Tina Arena, Bob Seger, Brooks & Dunn, Richie Sambora, Elton John, Enrique Iglesias, Natalie Merchant, Meat Loaf, Michael McDonald og The Northern Pikes, Julian Lennon, Dolly Parton's «Two Doors Down», Steven Van Zandt, Mick Jones frå Foreigner og Buddy Guy.
I ein artikkel i 2008 kalla «The 125-Plus People, Places and Things Ruling the Rock & Roll Universe» erklærte magasinet Rolling Stone at Taliefero var «beste løynde våpen».[3]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Crystal Taliefero» frå Wikipedia på engelsk, den 2. september 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Requet, Thad. «Former Band Member Spotlight: Crystal Taliefero-Pratt». johnmellencamp.com. Arkivert frå originalen 4. mars 2016. Henta 13 July 2014.
- ↑ Greene, Andy. «Bruce Springsteen, Billy Joel Form Supergroup for Obama in NYC». Rolling Stone. Henta 2. september 2014.[daud lenkje]
- ↑ Hiatt, Brian (2008). «Best Secret Weapon - Crystal Taliefero». rollingstone.com. Arkivert frå originalen 4. mai 2009. Henta 2. september 2014.
Bakgrunnsstoff
endre- Crystal Taliefero på Allmusic
- Crystal Taliefero-diskografi på Discogs