Mark Rivera
Mark Rivera (fødd 1952) er ein amerikansk saksofonist, multi-instrumentalist, musikar og musikalsk leiar, mest kjend for arbeidet sitt med Billy Joel. I tillegg til å spele saksofon, syng Riviera og spelar gitar, fløyte, perkusjon og klaverinstrument.
Mark Rivera | |||
Mark Rivera med Billy Joel i 2008 | |||
Fødd | 1952 (72 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Brooklyn, New York, USA | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1967– | ||
Sjanger | Rock, pop | ||
Instrument | saksofon, vokal, gitar, fløyte, perkusjon, klaverinstrument | ||
Verka som | Musikar, songar, musikalsk leiar |
Biografi
endreRivera spelte i bandet Tycoon i midten av 1970-åra, og via dette bandet møtte han den legendariske produsenten Robert John «Mutt» Lange. Lange, var knytt til Mick Jones og Lou Gramm frå Foreigner.
I løpet av åra har Rivera arbeidd med Hall & Oates, Tycoon, Peter Gabriel på det banebrytande albumet So - der Rivera speler og arrangerer blåsarar for «Sledgehammer» og «Big Time», Simon & Garfunkel, John Lennon, Billy Ocean og Eagles-gitaristen Joe Walsh.
Rivera har spelt med Billy Joel og bandet hans sidan 1982, då han erstatta Richie Cannata.
I 1995 vart Rivera med Ringo Starr & His All-Starr Band på fleire turnear.