Cupfinalen i fotball 1994/Menn
Cupfinalen i fotball 1994 var den 87. finalen i rekka av norske meisterskap i fotball for menn. Finalekampen vart spelt 23. oktober 1994 på Ullevaal stadion i Oslo framfor 24 524 tilskodarar. Molde Fotballklubb vart norsk meister etter å ha vunne med 3–2 over Ski- og fotballklubben Lyn frå Oslo. Det var Molde FK sin aller fyrste triumf i norsk toppfotball.
Kampen
endreEin grov forsvarstabbe førte til at spissen Jo Tessem i det 9. minutt lette sende Lyn i føringa. Tre minutt seinare utlikna Tarje N. Jacobsen, då etter svakt målvaktsspel. Molde gjekk opp i 2-1 tre minutt før pause, og 3-1 tre minutt etter pausen. Ole Bjørn Sundgot stod bak det fyrste av desse to måla, medan Arild Stavrum glei gjennom Lyn-forsvaret og plasserte ballen mellom føtene til målvakta og i det tome målburet. I det 59. minutt reduserte Jan Derek Sørensen til 2-3 då han plasserte ballen i mål, nede i næraste hjørnet frå 7-8 meters hald.
Laga
endreMolde sitt historiske lag bestod av Morten Bakke, Trond Strande, Sindre Rekdal, José Maria Glaria, Knut Anders Fostervold, Ulrich Møller, Tarje Nordstrand Jacobsen, Kjetil Rekdal, Daniel Berg Hestad, Ole Bjørn Sundgot og Arild Stavrum. Tor Gunnar Johnsen erstatta Hestad i det 80. minutt og André Nevstad Jacobsen i det 86. minutt.
Lyn mønstra Ståle Oldeide, Thomas Østvold, Thomas Wæhler, Anders Eriksson, Sigbjørn Kolnes, Axel Kolle, Stein Amundsen, Sture Fladmark, Jan Derek Sørensen, Jo Tessem og Tommy Bergersen. Anders Rønnevig kom inn for Bergersen i det 75. minutt og Tom Buer i sluttsekundane for Thomas Østvold.
Terje Singsaas frå Rosenborg BK dømde finalekampen.