Cupfinalen i fotball 1993/Menn

Cupfinalen i fotball 1993 var den 88. finalen i rekka av norske meisterskap i fotball for menn. Bodø/Glimt vart noregsmeister etter at laget vann 2–0 over Strømsgodset IF frå Drammen. Finalekampen vart spelt 2. oktober 1993 på Ullevaal stadion i Oslo framfor 26 315 tilskodarar. Sven Kjelbrott frå Haugerud IF dømde kampen.

Kampen

endre

Bodø/Glimt var det beste laget i ein dårleg og keisam fotballkamp. Strømsgodset makta knapt skape ein stor målsjanse, likevel skulle det gå 64 minutt før midtspissen Bent Inge Johnsen skapte ubalanse i målprotokollen. Knapt ti minutt før tida la midtbanespelaren Tom Kåre Staurvik på til 2–0 og kampen ebba ut.

Glimt sitt vinnarlag bestod av Rohnny Westad, Ola Haldorsen, Trond Sollied, Charles Berstad, Andreas Evjen, Runar Berg, Tom Kåre Staurvik, Tommy Hansen, Aasmund Bjørkan, Bent Inge Johnsen og Harald Martin Brattbakk. Thor Mikalsen kom inn for Bjørkan i det 73. minutt, og Tor Arne Aga for målvakta Westad i det 86. minutt.

Strømsgodset mønstra Thomas A. Ødegaard, Espen Horsrud, Frode Johannessen, Vegard Hansen, Ståle Skau, Geir Andersen, Odd Johnsen, Krister Isaksen, Ruben Bakke, Lars Kåre Gustavsen, Juro Kuvicek. Hans Erik Ødegård kom i spel i det 74. minutt for Gustavsen, medan Ståle Brandsrud entra bana då Isaksen gjekk av i det 78. minutt.

Kjelder

endre