Cy Curnin

Cy Curnin (fødd 12. desember 1957 som Cyril John Curnin) er ein engelsk songar og låtskrivar. Han var frontmann og songar i new wave-gruppa The Fixx. Som låtskrivar har han vore medlåtskrivar på eit dusin songar som har hamna på Billboard-lista i USA. Han har òg arbeidd som soloartist og gjeve ut fire album, Mayfly i 2005, The Returning Sun i 2007, Solar Minimum i 2009 og The Horse's Mouth i 2013. Han gav òg ut ein EP med ambient-musikk utan vokal, kalla Cinema for the Blind i 2012.

Cy Curnin
Cy Curnin (©Heimo Reifetshammer 2012).jpg
Fødd12. desember 1957 (65 år)
FødestadWimbledon, England
FødenamnCyril John Curnin
OpphavStorbritannia
Aktiv1980 til i dag
Sjangerrock, new wave, poprock, synthpop
InstrumentVokal, piano, klaverinstrument, gitar
Tilknytte artistarThe Fixx, Tina Turner, Rupert Hine
Verka somVokalist, studioklaverspelar

Han var med i Tina Turner-videoen «Better Be Good to Me» i lag med Fixx-gitaristen Jamie West-Oram. Dei spelte begge på albumet Private Dancer.

I tillegg til å synge, har Curnin spelt piano eller gitar på forskjellige Fixx-album.

Stundom har han spelt i lag med den engelske musikaren Nick Harper. I nyare tid har han stundom spelt med Midge Ure i Europa.

SolodiskografiEndra

  • 2005 - Mayfly
  • 2007 - The Returning Sun
  • 2009 - Solar Minimum
  • 2012 - Cinema for the Blind - EP
  • 2013 - The Horse's Mouth

BakgrunnsstoffEndra