Dónal Lunny
Dónal Lunny (fødd 10. august 1947) er ein irsk folkemusikar. Han er rekna som ein av dei viktigaste føregangsfigurane i utviklinga av irsk folkemusikk.
Dónal Lunny | |
Statsborgarskap | Irland |
Fødd | 10. mars 1947 (77 år) Tullamore |
Yrke | komponist, platebransjeleiar, gitarist, musikkprodusent, songar |
Språk | engelsk |
Medlem av | Aosdána |
Partnar | Sinéad O'Connor |
Dónal Lunny på Commons |
Bakgrunn
endreDónal Lunny vart fødd i Tullamore i County Offaly, og flytta deretter til Newbridge i County Kildare. Han starta karrieren sin som musikar gjennom eit samarbeid med songaren Christy Moore. I 1972 danna Lunny og Moore bandet Planxty, som vart eit stilskapande band innan sjangeren irsk folkemusikk gjennom dei ti følgjande åra.
Lunny forlét Planxty i 1974 og danna The Bothy Band, der han spelte gitar og bouzouki. The Bothy Band vart oppløyst i 1978, men er framleis rekna som eit av dei mest banebrytande banda innan irsk folkemusikk.
Lunny og Christy Moore tok opp igjen samarbeidet i 1981, og danna Moving Hearts saman med uilleann pipe-spelaren Davy Spillane.
Lunny har delteke i fleire prosjekt dei siste åra, blant anna eit soloalbum med tittelen "Donal Lunny" (Gael-Linn 1987), eit anna soloprosjekt med tittelen "Coolfin" (1998), og seinast eit fleirkulturelt prosjekt med namnet Mozaik, med Bruce Molsky, Nikola Parov, Rens van der Zalm, og tidlegare Bothy Band-medlem Andy Irvine.
Irsk bouzouki
endreDónal Lunny og Andy Irvine har vore sentrale i å gjere strengeinstrumentet bouzouki utbreidd i irsk folkemusikk, etter at det vart introdusert av Johnny Moynihan. Lunny fekk den engelske instrumentmakaren Peter Abnett til å byggje ein bouzouki med flat botn i staden for den tradisjonelle runde botnen til den greske bouzoukien.
I dag er irsk bouzouki blitt eit vanleg instrument i irske folkemusikkgrupper. Prosessen kan samanliknast med introduksjonen av mandolaen i den nordiske folkemusikken av den svenske folkemusikaren Ale Möller.
Diskografi
endreSoloalbum
endre- Coolfin, Donal Lunny – 1998
Med Christy Moore
endre- Prosperous – 1972
- Christy Moore – 1976
- Whatever Tickles Your Fancy – 1976
- Live in Dublin – Christy Moore, Donal Lunny & Jimmy Faulkner – 1978
- AntiNuclear, Christy Moore, tracks: "People Will Die", Barry Moore and "Trip to Cransore", Early Grave Band – 1979
- Ninety Miles from Dublin, The Rights of Man, Repeal the Union – 1980
- H-Block, Christy Moore, Donal Lunny, Matt Molloy, Declan Sinnott, a.o. – 1980
- Christy Moore and Friends – Christy Moore e.o. – 1981
- The Time Has Come – 1983
- Ride On – 1984
- The Spirit of Freedom – 1985
- Ordinary Man – 1985
- Unfinished Revolution – 1987
- Christy Moore
- Voyage
Med Planxty
endre- Planxty – 1973
- The Well Below the Valley – 1973
- Cold Blow and the Rainy Night – 1974
- After The Break – 1979/1992
- The Woman I Loved So Well – 1980/1992
- "Timedance" (12" single) – 1981
- Words & Music – 1983
Med Bothy Band
endre- 1975 – 1975
- Old Hag You Have Killed Me – 1976
- Out of the Wind, Into the Sun – 1977/1985
- Afterhours (Live in Paris) – 1978/1984
- Live in Concert – 1994
Med Moving Hearts
endre- Moving Hearts – 1982
- The Dark End of the Street – 1982
- Live Hearts – 1984
- The Storm – 1985
- Moving Hearts Live in Dublin – 2008
Med Mozaik
endre- Live from the Powerhouse (2004)
- Changing Trains (2007)
- Idir an Dá Sholas (1999)
Gjesteopptredenar
endre- Mark Knopfler's "Golden Heart" – 1996
- Albert Fry's "Tráthnona Beag Areir" – 2008, Gael Linn
- Mairéad Ní Mhaonaigh's "Imeall" – 2008, Moon
DVD
endre- The Transatlantic Sessions Series 3 (various artists) – 2007
- Moving Hearts Live in Dublin (Moving Hearts) – 2008