Dødsmaske er ei avstøyping av ansiktet til ein person utført kort tid etter at dei har døydd. Dei er ofte blitt laga av gips, voks eller metall.

To menn i New York lager en dødsmaske omkring 1908

Ofte blei avstøypinga gjort i bivoks, som ein så trakk trukket forsiktig av ansiktet. Forma blei så fylt med leire eller liknande som då likna det opphavlege ansiktet.

Tidlegare var det vanleg å laga dødsmasker av ansikta til kjende personar. Skikken var mest utbreidd i seinmellomalderen, men var også i bruk på 1800- og 1900-talet. Dødsmasker kunne vera utgangspunkt for skulpturar av den dei framstilte.

Under den franske revolusjonen laga Marie «Madame» Tussaud dødsmasker av framståande personar som var blitt avretta.[1]

Kopiar av dødsmaska til L'Inconnue de la Seine (fransk for «den ukjende kvinna frå Seinen») var eit vanleg innslag på veggen til kunstnarar i bohemmiljøa i Paris etter 1900. Maska var inspirasjon for mange litterære verk.

Sjå òg endre

  • Gravmaske, masker laga til ein person til gravlegginga, også kalla dødsmaske

Kjelder endre

«dødsmaske» (3. desember 2015) i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff endre

  1. «Marie Tussaud.», Store norske leksikon, 15. februar 2009