Dei sju dødssyndene
(Omdirigert frå Dødssyndene)
Dei sju dødssyndene er ifølgje katolsk tradisjon synd som
Gjennom desse syndene mister den kristne tilgangen til andre sakrament enn skriftemålet. I skriftemålet kan den kristne gjennom eit medvite og reflektert oppgjer med handlingane sine leggje syndene bak seg gjennom eit oppriktig ønskje om ikkje å gjenta dei. Den oppriktige angeren vil da kunne gje Guds tilgjeving, formidla gjennom presten i den såkalla absolusjonen.
Dødssyndene vert i dag ofte omtala som alvorlege synder, i motsetning til veniell synd eller svakheitssynder.
Pave Gregor I den store skal ha identifisert dei sju dødssyndene som:
- hovmod (superbia)
- griskheit (avaritia)
- vellyst (luxuria)
- misunning (invidia)
- fråtsing (gula)
- vreide (ira)
- latskap eller likegyldigheit (acedia)
Dødssyndene er òg kjende under akronymet saligia.
Sjå òg
endre- Dødssyndene har eit motstykke i dei sju dygdene
Kjelder
endre- Artikkelen er omsett frå bokmål og svensk Wikipedia den 22. februar 2007