DS «Ernst» (1908)
Karriere | Sverige |
---|---|
Namn: | D/S Ernst |
Eigar: | Ångfartygs-A/B Labora (W. Lundquist) |
Verft: | Göteborgs Nya Verkstad AB i Göteborg i Sverige |
Verftsnummer: | 300 |
Jomfrutur: | juni 1908 |
Heimehamn: | Göteborg i Sverige |
Kjennemerke: | MKVS |
Generelle mål | |
Type: | Lasteskip |
Tonnasje: | 633 brt, 346 nrt |
Daudvekt: | 830 tdw. |
Lengd: | 171 fot (52.1 m) |
Breidd: | 28.4 fot (8.7 m) |
Djupgang: | 11.4 fot (3.5 m) |
Installert effekt : | 400 iHk |
Framdrift: | Triple 3 cyl. dampmaskin (Richardsons, Westgarth & Co, Middlesborough) |
Fart: | 10 knop |
Karriere | Noreg |
Namn: | D/S Edna |
Eigar: | Det Bergenske Dampskibsselskab |
Kjøpt: | Februar 1916 for 277 998 kr[1] |
Heimehamn: | Bergen |
Karriere | Tyskland |
Namn: | D/S Wisla |
Eigar: | Schiffahrtsreederei Sarmacja |
Kjøpt: | 1921 |
Heimehamn: | Danzig i Tyskland |
Karriere | Sverige |
Namn: | D/S Runa |
Eigar: | Ångfartygs-A/B Nornan |
Kjøpt: | 1927 |
Heimehamn: | Göteborg |
Generelle mål Etter ombygging i 1927 | |
Tonnasje: | 783 brt, 418 nrt |
Daudvekt: | 1000 tdw. |
Lengd: | 185,1 fot (56,4 m) |
Breidd: | 28,4 fot (8.7 m) |
Djupgang: | 11,4 fot (3.5 m) |
Karriere | Sverige |
Namn: | D/S Runa |
Eigar: | Rederi A/B Halland & Nornan |
Kjøpt: | 1928 |
Heimehamn: | Göteborg |
Karriere | Sverige |
Namn: | D/S Runa |
Eigar: | Rudolf Hedberg, frå 1934 A/B R-Hedberg & Co. |
Kjøpt: | 1933 |
Heimehamn: | Göteborg |
Karriere | Sverige |
Namn: | D/S Runa |
Eigar: | Rudolf Hedberg |
Kjøpt: | 1934 |
Heimehamn: | Göteborg |
Karriere | Sverige |
Namn: | D/S Runa |
Eigar: | Rederi A/B Banana (Sven Salen) |
Kjøpt: | 1935 |
Heimehamn: | Stockholm |
Karriere | Chile |
Namn: | D/S Lontue |
Eigar: | Martinez, Pereira & Cie Ltd. |
Kjøpt: | 1936 |
Heimehamn: | San Antonio i Chile |
Lagnad: | Opphogd 1960 |
D/S Ernst (kallesignal MKVS) var eit dampskip bygt i 1908 som lasteskip for Ångfartygs-A/B Labora i Göteborg i Sverige. I 1915 vart skipet kjøpt av Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS) og omdøypt DS «Ernst».
Historie
endreSkipet vart bygt ved Göteborgs Nya Verkstad AB i Göteborg og levert i juni 1908.
I februar 1915 kjøpte BDS skipet for 277 998 kroner[1].[2] 19. oktober 1916 grunnstøytte skipet ved Whitby Rock og vart reparert ved Haugesund Mekaniske Verksted. I 1917 vart skipet rekvirert av The Shipping Controller i London og levert attende i 1919 då første verdskrigen var over.
Skipet vart i 1921 selt til Schiffahrtsreederei Sarmacja i Danzig i Tyskland og fekk namnet «Wisla». I 1927 kom det attende til Sverige, då det vart kjøpt av Ångfartygs-A/B Nornan i Gøteborg. Denne gongen fekk det namnet «Runa». Same året vart det forlenga med 14 fot og fekk større tonnasje. Alt året etter fekk skipet nye eigarar i Gøteborg, før det i 1935 hamna i Stockholm hos reiarlaget A/B Banana. I 1936 vart skipet til slutt selt til Chile, der det fekk namnet DS «Lontue» med heimehamn i San Antonio. Her var det i drift fram til det vart opphogd i 1960.
Skipet
endreTonnasjen til skipet var ved levering 633 brt, 346 nrt og lasteevna var 830 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 1 009 m³. Hovudmaskinen var ein kolfyrt tresylindra ekspansjon dampmaskin, levert av GNV. Oppgjeven yting var 400 iHk (indikerte hestekrefter), som gav ein toppfart på 10 knop knop.[1]
Etter ombygginga i 1927 vart tonnasjen auka til 783 brt og 418 nrt, medan lasteevna var 1 000 dødvekttonn.
Sjå òg
endreKjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 «D/S Edna». Sjøhistorie.no. Henta 24. april 2020.
- ↑ Dag Bakka jr. og Per Alsaker (1988). «Det Bergenske Dampskipselskap - del 1». Skipet. Nr. 1 (Rådal: Skipet). Volum 14: 30. Henta 24. april 2020.