DS «Luna» (1911)

norsk dampskip frå 1911
Karriere  Noreg
Namn: DS «Luna»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Verft: Laxevaag Maskin & Jernskibsbyggeri i Bergen
Byggekostnad: 239 864 kr[1]
Verftsnummer: 103
Jomfrutur: juni 1911
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: MGRD - LEJU
Lagnad: Torpedert 1939
Generelle mål
Tonnasje: 959 brt, 552 nrt
Daudvekt: 1 400 tdw.
Lengd: 213,9 fot (65,2 m)
Breidd: 32,1 fot (9,8 m)
Djupgang: 12,7 fot (3,9 m)
Installert effekt : 115 NHK, 685 IHK
Framdrift: Triple 3 cyl. dampmaskin (LM & JSB)
Fart: 9 knop

DS «Luna» (kallesignal MGRD - LEJU) var eit dampskip bygt i 1911 som lasteskip for Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS).

Historie endre

Skipet vart bygd ved Laxevaag Maskin & Jernskibsbyggeri, Bergen og kosta 239 864 kr[1] då det vart levert i juni 1911.[2]

14. august 1917 vart skipet torpedert av ubåten «UC 63», kring 27 km nord for Humber. Ho var då på veg frå Trondheim til London med ei tømmerlast. Etter ein eksplosjon gjekk mannskapet av skipet. Messejenta vart drepen og to av mannskapet skadd. Skipet sokk ikkje, men flaut på trelasta, så mannskapet gjekk ombord i skipet att og det vart taua til Grimsby av ein taubåt. Skipet vart så rekvirert av britane og lagt under Shipping Controller i London. Det vart frakta til Hull og reparert der, før W. Coupland & Co Ltd. tok over drifta.[3] I 1919 fekk BDS skipet sitt attende.[1]

Skipet vart torpedert i andre verdskrigen òg, og denne gongen sokk det og forsvann for godt. Kl. 1947, 31. desember 1939 vart det råka av ein torpedo frå den tyske ubåten «U 32» kommandert av fregattkaptein Paul Büchel i posisjon 58.40' N og 03.20' E på reise frå London til Bergen.[1] Det sokk langsamt akter. Det norske skipet var på denne tida nøytralt. Tyskarane rapporterte at dei ikkje såg nasjonalitetsmerka i mørkret.[3] Besetninga kom seg i livbåtane og vart berga av DS «Colombia» av Haugesund og teken til Kopervik.[3]

Skipet endre

Tonnasjen til skipet var ved levering 959 brt, 552 nrt og lasteevna var 1400 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 1752 . Hovudmaskinen var ein kolfyrt tresylindra ekspansjon dampmaskin, levert av Laxevaag Maskin & Jernskibsbyggeri. Oppgjeven yting var 685 iHk (indikerte hestekrefter) og 165 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 9 knop.[1]

I 1931 fekk skipet straumlinjeror og i 1937 vart det sett inn banjerdekk for kystfart. Skipet fekk radio og peileapparat i 1939.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 «D/S Luna». Sjøhistorie.no. Henta 28. desember 2019. 
  2. Dag Bakka jr. og Per Alsaker (1988). «Det Bergenske Dampskipselskap - del 1». Skipet. Nr. 1 (Rådal: Skipet). Volum 14: 29. Henta 28. desember 2019. 
  3. 3,0 3,1 3,2 «Luna». Uboat.net. Henta 28. desember 2019.