DS «Lyra» (1905)

norsk hurtigruteskip frå 1905
Denne artikkelen handlar om hurtigruteskipet frå 1905. For skipet frå 1912 med same namn, sjå DS «Lyra» (1912).
Karriere  Noreg
Namn: DS «Lyra»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Verft: Bergen mekaniske verksted, Bergen
Byggekostnad: 310 229 kr
Verftsnummer: 129
Jomfrutur: Januar 1905
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: MCDJ
Karriere  Det osmanske riket
Namn: DS «Biga»
Eigar: The Ottoman Steam Navigation Corp.
Kjøpt: Desember 1913
Heimehamn: Konstantinopel, Tyrkia
Lagnad: Torpedert 10. juli 1915
Generelle mål
Tonnasje: 784 brt, 469 nrt
Daudvekt: 454 tdw.
Lengd: 56,7 m
Breidd: 8,5 m
Djupgang: 6,9 m
Installert effekt : 750 iHk
Framdrift: Triple 3 cyl. ekspansjon dampmaskin (Bergen mek. Verksted, Bergen)
Fart: 11,5 knop
Passasjerar: 230 passasjerar
Mannskap: 27 (1907)

DS «Lyra» (kallesignal MCDJ) var eit hurtigruteskip som vart overlevert Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS) i januar 1905. Skipet var byggnummer 129 ved Bergens Mekaniske Værksted i Bergen, og kosta 310 229 kroner. Etter overleveringa vart skipet sett inn i fast rotasjon i hurtigruten. I desember 1913 vart det selt til Tyrkia og omdøypt DS «Biga». I 1915 vart skipet torpedert i Marmarahavet av britane og sokk.

Det Bergenske Dampskibsselskab hadde som tradisjon å namngje skipa sine etter fenomen og objekt på nattehimmelen. Lyra er eit stjernebilete.

Historie endre

Hurtigrutekontrakten med staten vart i 1904 forlengd med seks nye år. Etter tapet av DS «Orion» i desember 1903, avgjorde BDS å tinge eit nytt spesialbygd hurtigruteskip for å kunne oppfylle kontrakten med staten. Oppdraget gjekk til Bergens mekaniske verksted, og DS «Lyra» vart overlevert i januar 1905. Etter overleveringa vart skipet straks sett inn i fast rotasjon i hurtigruten. DS «Lyra» vart avløyst av DS «Hera» i 1913, og lagt ut for sal. I desember 1913 vart skipet kjøpt av det osmanske reiarlaget Administration de Navigation a Vapeur Ottomane i Istanbul, og omdøypt til DS «Biga». Under første verdskrigen deltok Tyrkia på same side som Tyskland og Austerrike-Ungarn. Den 10. juli 1915 vart DS «Biga» torpedert og søkkt av den britiske ubåten HMS E-7 i Marmarahavet i nærleiken av den tyrkiske byen Mudanya.

Skipet endre

Tonnasjen til skipet var ved levering 784,02 bruttoregistertonn, 469,39 nettoregistertonn, og lasteevna var 454 dødvekttonn. Lasting og lossing føregjekk ved hjelp av ei kran framme og ein kran midtskips. Hovudmaskinen til DS «Lyra» kom frå DS «Orion» som vart øydelagd i brann i desember 1903. Det var ein kolfyrt trippel ekspansjon dampmaskin med arbeidstrykk 175 psi, bygd ved Bergen mekaniske verksted. Oppgitt yting var 750 ihk (indikerte hestekrefter) og 126 nhk (nominelle hestekrefter), noko som gav ein marsjfart på 11,5 knop. DS «Lyra» var systerskip til DS «Astræa», berre med mindre maskinkraft og utan forsterkingar for krigsteneste. Skroget var av stål, og bygd som shelterdekkar (lasteskip med to dekk). Det meste av salongane og lugarane låg på hovuddekket. Skipet hadde totalt 104 køyeplassar fordelt på 42 på 1. plass (1. klasse), 20 på 2. plass, og 42 på 3. plass. 1. plass spisesalong var plassert midtskips, og ikkje akter, som til då hadde vore vanleg. DS «Lyra» var sertifisert for 230 passasjerar i kystfart.

Sjå òg endre

Kjelder endre