DS «Hera»

norsk, tidlegare britisk, dampskip frå 1889

Skipet i trafikk som Wilsonlinjens Juno, 1893.
Foto: Jørgen Wickstrøm
Karriere  Storbritannia
Namn: DS «Juno»
Eigar: Thomas Wilson & Sons
Verft: Earle's Shipbuilding & Engineering i Hull
Verftsnummer: 322
Jomfrutur: 1889
Heimehamn: Hull i Storbritannia
Kjennemerke: JPBG
Generelle mål
Tonnasje: 1097 brt, 617 nrt
Daudvekt: 900 tdw.
Lengd: 65,7 m
Breidd: 9,3 m
Djupgang: 4,5 m
Installert effekt : 182 nHk, 1200 iHk
Framdrift: Triple 3 cyl. dampmaskin (John Dickinson, Sunderland)
Fart: 13 knop
Passasjerar: 350 (1907) passasjerar
Mannskap: 27 (1907)
Karriere  Noreg
Namn: DS «Vega»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Kjøpt: 1899 for 298 277 kr.[1]
Heimehamn: Bergen
Lagnad: Forliste i 1931

DS «Hera» (kallesignal JPBG) var eit hurtigruteskip som vart overlevert reiarlaget Thomas Wilson & Sons i Hull i Storbritannia i oktober 1889. Skipet var byggnummer 322 ved Earle´s Shipbuilding & Engineering i Hull og vart døypt DS «Juno». I 1899 vart det kjøpt av Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS), og omdøypt til DS «Hera». Det gjekk i Hamburg-ruta fram til 1910, då skipet vart sett inn som erstatningsskip i hurtigruta. Frå 1913 til 1931 gjekk det i fast rotasjon i hurtigruta. I mars 1931 forliste det på Finnmarkskysten og seks menneske omkom.

Det Bergenske Dampskibsselskab hadde som tradisjon å namngje skipa sine etter fenomen og objekt på nattehimmelen. Hera er ein asteroide som vart oppdaga i 1868.

Historie endre

 
Foto: Jørgen Wickstrøm

Etter overleveringa i 1889 vart skipet døypt DS «Juno» og sett inn på Wilson Lines' sine ruter mellom anna mellom Storbritannia og Noreg. I april 1899 vart skipet kjøpt av Det Bergenske Dampskibsselskab for 298 000 kroner og omdøypt DS «Hera». Etter kjøpet vart skipet modifisert ved Akers mekaniske verkstad i Oslo og sett inn på ruta Hamburg – KristiansandVadsø. I 1906 vart ho igjen oppgradert ved Akers mekaniske verkstad og fekk mellom anna ny kjele.

I hurtigruta endre

Då Det Bergenske Dampskibsselskabs hurtigruteskip DS «Astræa» forliste i januar 1910, vart DS «Hera» sett inn som erstatning. Dette var i byrjinga tenkt som ei mellombels løysing, men etter tre år i ruta vart skipet oppgradert og sett inn i fast rotasjon mellom Bergen og Vadsø. 26. september 1914 på sørgåande i dårleg sikt grunnstøytte ho ved Oddane, ei gruppe holmar like sør for Florø i Sogn og Fjordane. Skipet vart trekt av grunnen og reparert i Bergen. I 1920 vart DS «Hera» ombygd ved Storemøllens mekaniske verkstad i Sandviken i Bergen. Ho fekk ny innreiing på 1. plass (1. klasse) og ny røykesalong.

Forliset endre

Natt til 17. mars 1931 på sørgåande gjekk DS «Hera» frå Havøysund mot Hammerfest med 62 menneske ombord. Det bles liten storm, og snødrev gjorde at sikta var svært dårleg i nattemørket. Skipet segla derfor på bestikk (navigerte ved hjelp av kompass, klokke, logg og tidlegare nedteikna seglingsdata). Den sterke vinden gjorde at avdrifta vart større enn forventa, og DS «Hera» gjekk på eit skjer ved Havøygavlen like nord for Havøysund i Måsøy kommune i Finnmark.

Skipet byrja å brekke føre styrhuset, og grov sjø og storm gjorde det umogleg å setje ut livbåtane. Andrestyrmann Einar Ramm melde seg frivillig til å prøva å få ei redningsline til land. Han festa lina rundt livet, og på tredje forsøk greidde han å komma seg i land og fekk spent opp lina. Ein provisorisk redningsstol vart laga av to redningsbøyer, og 56 menneske vart heisa i tryggleik. Ramm vart tildelt Medaljen for edel dåd i gull for innsatsen sin.[2] Trass i redningsdåden til Ramm omkom seks menneske i forliset. Vraket av DS «Hera» låg lenge på skjeret før det brekte opp.

Skipet endre

DS «Hera» var bygd som eit kombinert laste- og passasjerskip med hovudvekt på last. Tonnasjen til skipet var ved levering 1 097 bruttoregistertonn, 617 nettoregistertonn, og lasteevna var 900 dødvekttonn. Etter modifikasjonane i 1899 vart ho ommålt til 1 073,9 bruttoregistertonn og 644,93 nettoregistertonn. Hovedmaskinen var ein kolfyrt trippel ekspansjon dampmaskin med arbeidstrykk 165 psi. Oppgjeven yting var 1 000 ihk (indikerte hestekrefter) og 182 nhk (nominelle hestekrefter). Skipet var bygd i stål og hadde 100 køyeplassar. DS «Hera» var i 1907 sertifisert for 350 passasjerar i kystfart, 600 i lokalfart og 100 i europeisk fart. Etter ombygginga i 1912/1913 hadde DS «Hera» 58 køyeplassar fordelt på 20 på 1. plass (1. klasse), 8 på 2. plass, og 30 på 3. plass. I 1920 vart 2. og 3. plass slått saman til ein rommeleg 3. plass, og skipet vart dermed det første toklasse-skipet i hurtigruta. DS «Hera» hadde open bru med bestikklugar under.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. «D/S Hera». Sjøhistorie.no. Henta 16. mai 2019. 
  2. «Medaljen for edel dåd i gull til styrmann Ramm», Aftenposten, aftenutgaven 27. mars 1931, s. 1.