DS «Nova» (1915)

norsk dampskip
Karriere  Noreg
Namn: DS «Nova»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Verft: Laxevaag Maskin & Jernskibsbyggeri, Bergen
Byggekostnad: 326 356 kr[1]
Verftsnummer: 119
Jomfrutur: juni 1915
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: MLFS
Lagnad: Skoten i senk i 1917
Generelle mål
Type: Lasteskip
Tonnasje: 1034 brt, 594 nrt
Daudvekt: 1200 tdw.
Lengd: 206,2 fot (62,8 m)
Breidd: 32,1 fot (9,8 m)
Djupgang: 15 fot (4,6 m)
Installert effekt : 120 nHk, 560 iHk
Framdrift: Triple 3 cyl. dampmaskin (Laxevaag M&J, Bergen)
Fart: 10 knop

DS «Nova» (kallesignal MLFS) var eit dampskip bygt i 1915 som lasteskip for Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS).

Historie endre

Skipet vart bygt ved Laxevaag Maskin & Jernskibsbyggeri i Bergen og kosta 326 356 kroner[1] då det vart levert i juni 1915. [2]

Den 23. mars 1917 var «Nova» på reise frå Blyth til Sarpsborg med kol då det vart stogga av den tyske ubåten «UC 77» 10 nautiske mil aust-søraust for Todd Head ved Girdleness. Mannskapet forlet skipet og det vart skoten i senk av tyskarane.

Skipet endre

Tonnasjen til skipet var ved levering 1 034 brt, 594 nrt og lasteevna var 1 200 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 1855 . Hovudmaskinen var ein kolfyrt tresylindra ekspansjon dampmaskin, levert av Laxevaag M&J. Dette gav ei oppgjeven yting på 560 iHk (indikerte hestekrefter) og 120 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 10 knop.[1]

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 «D/S Nova». Sjøhistorie.no. Henta 26. april 2020. 
  2. Dag Bakka jr. og Per Alsaker (1988). «Det Bergenske Dampskipselskap - del 1». Skipet. Nr. 1 (Rådal: Skipet). Volum 14: 30. Henta 26. april 2020.