DS «Wergeland» (1881)

norsk dampskip frå 1881
Karriere  Noreg
Namn: DS «Wergeland»
Eigar: Jacob Christensen med fleire
Verft: Bergen Mekaniske Verksted
Verftsnummer: 58
Jomfrutur: Juli 1881
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: JPFS
Generelle mål
Tonnasje: 528 brt, 308 nrt
Daudvekt: 660 tdw.
Lengd: 49,3 m
Breidd: 7,4 m
Djupgang: 4,0 m
Installert effekt : 274 iHk, 55 nHk
Framdrift: 2Cyl. compound dampmaskin (BMV)
Fart: 8,5 knop
Karriere  Noreg
Namn: DS «Wergeland»
Eigar: Harloff & Bøe med fleire
Kjøpt: 1887
Heimehamn: Bergen
Karriere  Noreg
Namn: DS «Pallas»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Kjøpt: Mars 1894 for 77 913 kr.[1]
Heimehamn: Bergen
Lagnad: Forliste 1895

DS «Wergeland» (kallesignal JPFS) var eit dampskip bygt i 1881 som eit lasteskip for Jacob Christensen med fleire ved Bergen Mekaniske Verksted. I mars 1894 vart skipet kjøpt av Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS) og omdøypt til «Pallas», men forliste alt året etter.

Dette var det andre skipet til BDS som heitte «Pallas». BDS hadde som tradisjon å namngje skipa sine etter fenomen og objekt på nattehimmelen. Pallas er ein asteroide i solsystemet.

Historie endre

«Wergeland» vart levert i juli 1881 for Jacob Christensen med fleire i Bergen. I 1887 vart skipet kjøpt av Harloff & Bøe og i mars 1894 kjøpte Bergenske skipet for 77 000 kroner.[1]. Det fekk då namnet «Pallas».

7. april 1895 grunnstøytte «Pallas» ved Fladskjær under innseglinga til Bodø med rogn og tran og vart vrak.

Skipet endre

Tonnasjen til skipet var ved levering 528 bruttoregistertonn og 308 nettoregistertonn og lasteevna var 660 dødvekttonn. Volumet på lasteromma var 510 kubikkmeter. 976 . Hovudmaskinen var ein kolfyrt tosylindra compound dampmaskin, levert av Bergen Mekaniske Verksted, med eit damptrykk på 65 psi. Oppgjeven yting var 274 iHk (indikerte hestekrefter) og 55 nHk (nominelle hestekrefter), noko som gav ein toppfart på 8,5 knop.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «D/S Venus». Sjøhistorie.no. Henta 12. mai 2019.